Mannsbunad for Nordland og Troms

Mannsbunad for Nordland og Troms vart første gongen sydd i 1924 på bakgrunn av materiale innsamla i Nordland og Troms.

Gjennom ungdomsbladet «Midnattsol» og rundskriv til laga i Troms Ungdomsfylking vart det samla inn materiale og informasjon som vart bruka som grunnlag for bunaden. Informasjonen var frå Andøya, Lofoten, Dunderlandsdalen i Rana, frå Vefsn og frå Lenvik. Skreddaren var Cornelius Jakobsen frå Sama ved Harstad, ein røynd skreddar som heilt frå læretida si hadde vore med å sy tradisjonelle stasklede.

Denne første mannsbunaden for Nordland og Troms vart sydd som brurgomsbunad for folkehøgskolelærar Johannes Eidnes.

Med Eidnes sin bunad som modell er det sidan sydd mange mannsbunader for Nordland og Troms, etter noko ulike mønster. Til Noregs Ungdomslags landsstemne i 1978 vart Eidnes sin bunad utstilt, og ut frå snittet i denne bunaden vart det laga nye standardiserte mønster som er bruka i ettertida.

Utforming

endre

Arbeidet med bunaden skal gjerast nøyaktig, og alt materiale skal vere av beste slag.

Trøya er i svart ulltøy med ti sølvknappar på brystet og to knappar på kvart emne. Desse knappane er berre til stas, trøya kan ikkje kneppast att. Buksa er ei knebukse i svart ulltøy, knept med seks sølvknappar framme og med fire sølvknappar og ei spenne ved kvart kne.

Vesten er i blåleg brokade eller ullstoff som kan vere raudt, grønt, blått eller raud-grå-ruta. Han er fora med bommullssateng. Vesten har sju sølvknappar på kvar side av brystet.

Skjorta er sydd i kvitt lin eller lerret.

Hosane er marineblå ed kvite spettar. Hosebanda er arbeid ved flamming, i raudt, blått kvitt og gul ulltråd.

Av sølvknappar er det laga to slag, ein type med same mønster som vert bruka i knappane i nordlandsbunaden for kvinner, ein type med same mønster som i knappane i tromsbunaden for kvinner. Det vert òg bruka tinnknappar.

Skorne var lågsko med sølvspenner. «... Eg var også så heldig å finne ein skomakar, Jakobsen heitte han og, og budde i Harstadbotn, og i sine yngre år hadde han laga slike bunadsko. Dei hadde ei brei og romsleg form, stødig hæl, og var særs gode å gå i og danse i. Dei var av bokskalv og svarte. Tunga rakk opp på rista og var øvst pynta med raude tunger med hol i.«»[1][2]

Kjelder

endre
  1. Johannes Eidnes (1960). «Håløygminne» (2). 
  2. Mannsbunad for Nordland og Troms, Bunadnemnda i Troms Ungdomsfylking og Bunadnemnda i Hålogaland Ungdomsfylking, hausten 1981.
  • Mannsbunad for Nordland og Troms, Bunadnemnda i Troms Ungdomsfylking og Bunadnemnda i Hålogaland Ungdomsfylking, hausten 1981.

Bakgrunnsstoff

endre