Nordlandsslekt er eit omgrep som viser til eldre slekter av borgar- eller prestestand i Nordlanda, det vil seie dagens Nordland og Troms, og dessutan Finnmark. Desse slektene høyrde til dei førande samfunnslaga i landsdelen.[1]

Handelsmann og væreigar Erasmus B.K. Zahl var ein typisk representant for nordlandsslektene. Det var som dette at han vart foreviga gjennom Knut Hamsun sin karakter Mack.
Foto: fotograf Finne
Nordlandsslekter blir ofte forbundne med dei talrike borgarleia i landsdelen. På Lauvøya sat mellom andre slektene Jentoft og Hveding.
Foto: Commons-brukar Knut

Forklaring av omgrepet

endre

Det finst ingen fastsett måte å avgrense kva slekter som lyt kallast nordlandsslekt. Somme kjenneteikn er at dei er kjende frå hundreåra før 1800-talet, at dei budde på landet og hadde borgarleg levemåte og yrke, at dei inngjekk ekteskap med kvarandre, at dei bar faste slektsnamn, noko som dei færraste av nordlendingar hadde, og at dei veldig ofte hadde røter i utlandet, særleg i Danmark og Hertugdøma.

Fleire nordlandsslekter er til dels inngåande skildra i skriftstykke frå mellom anna 1700- og 1800-talet.[1] Mellom desse er reiseskildringar forfatta av Gustav Peter Blom, svenskane Johan Erik Forsström, Sven Nilsson og J.W. Zetterstedt, tyskaren Leopold von Buch og engelskmennene baronett Arthur de Capell Brooke og Frederick Metcalfe. Desse slektene sin kultur, mellom anna veremåte, selskapsliv og dans, skilte seg frå den til allmugen.

Det heiter seg at alle nordlandsslekter lèt seg føre tilbake til adelsslekta Benkestok. Ikkje alle, men likevel ei lang rekkje nordlandsslekter nedstammar kognatisk frå denne slekta.[2] Av dei velkjende er slekta Ellingsen, der stamfaren Elling Christophersen (1676–1730) var oldebarnet til Margrethe Benkestok.[3]

Til nordlandsslekter høyrer fleire landskjende menn, mellom andre handelsmann Erasmus B.K. Zahl, statsråd Sofus A.B. Arctander og statsråd Jakob M. Schøning.

Omgrepets alder

endre

Omgrepet er av eldre dagar. Det er ofte nytta i historisk og genealogisk litteratur på 1900-talet. Somme år etter utgjevinga av Wilhelmine Brandts Slægten Benkestok (1904) omtalte S.H. Finne-Grønn denne boka som eit genealogisk magasin for nordlandsslekter.[treng kjelde] Omgrepet kjem elles føre mellom anna i Jakob Schønings Nordlands-slegten Schøning i 360 aar (1928),[4] Johan Hvedings Nordlandsslekten Hveding (1944),[4] Nils Parelius' Nordlandsslekten Mentzonis opprinnelse (1956)[4] og Gerd Fjellstads Fra adel til bumenn : Nordlandsslekter (1996).[4]

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Ytreberg, Nils Andreas: Nordlandske Handelssteder 1941. Tredje opplag, 1981.
  2. Norsk biografisk leksikon: Wilhelmine Brandt – utdypningsnl.no.
  3. Ellingsen, Charles: Slekten Ellingsen : en gren av slekten Benkestok 1990.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Bibsys, arkivert frå originalen 3. desember 2017, henta 3. juni 2012