Gustav Peter Blom

norsk embetsmann og politikar

Gustav Peter Blom (4. juli 178528. oktober 1869) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Gustav Peter Blom

Gustav Peter Blom måla av Hedevig Lund i 1853. Tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Fødd4. juli 1785
Holmsbu
Død28. oktober 1869 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiUnionspartiet
YrkeSorenskrivar og amtmann
BarnHans Ørn Blom, Peter Julius Blom
Alle verv

Liv og virke

endre

Blom var frå Hurum i Buskerud. Han var 3½ år på pastor Forchhammer sitt institutt ved Haderslev i Slesvig for å lære seg språk. Far hans hadde tenkt sonen skulle verte handelsmann, noko denne viste seg lite lysten på. Blom tok i 1807 juridisk eksamen og vart året etter sorenskrivar i Nordre Jarlsberg. År 1826 vart han byfut og byskrivar i Drammen. Deretter var han frå 1831 til 1857 amtmann i Buskerud.

Blom var med i riksforsamlingaEidsvoll 17. mai, der han representerte Jarlsberg grevskap. Han høyrde til unionspartiet. Til Stortinget vart han vald fyrste gongen i 1830, vidare var han stortingsmann 1833, 1836, på det overordentlege storting 1836-37, 1839, 1842 og 1848. Både i 1830, 1833 og 1836-37 var han formann i næringskomiteen. I 1839, 1842 og 1848 var han formann i næringskomite nr 1. Elles var han i 1830 formann i ein komite om brannvesenet, i 1833 var han formann i matrikkelkomiteen, i 1839 i komiteen om navigasjonslova.

Blom var 1823-38 medlem av hovudmatrikkelkommisjonen, og reiste då landet rundt. Også andre kongelege kommisjonar var han medlem av. Han sat i sølvverkskommisjonen for Kongsberg både i 1833, 1846 og 1853. Andre kommisjonar der han var representert var ein om bergsverkslova i 1837, om handelslova i 1838 og om fattigvesenet i 1843. Han var då på studiereise til Danmark, Tyskland, Nederland, Belgia, Frankrike og England for å sjå på fattigstellet der. Blom var så formann i kommisjonen om skogevesenet 1849-50, og i kommisjonen om sagbruksvesenet 1852.

1852 og 1852-53 var Blom medlem av interimsregjeringa.

Blom var ein aktiv forfattar. Viktigaste arbeidet hans er Bemerkninger paa en reise i Nordlandene 1827 frå 1830. To verk som nådde vidare ut var Das Königreich Norwegen, statisch beschrieben (1843) og Geschichte der Staatsveränderung Norwegens (1858). Det siste arbeidet kom elles på norsk i 1860, i ei større utgåve.

17. mai 1864 var han ein av fire eidsvollsmenn som tok del i feiringa av grunnlova. Han døydde i Drammen og vart gravlagd på Bragernes kyrkjegard.

Blom var far til forfattaren Hans Blom og juristen Peter Julius Blom.

Kjelder

endre