Opna hovudmenyen

Nordre Osen gamle kyrkje

kyrkje i Åmot i Hedmark

Koordinatar: 61°18′3″N 11°45′46″E

Nordre Osen gamle kyrkje er ei krosskyrkje frå 1777 i Åmot kommune i Hedmark fylke. Ho vart i 1923 avløyst av Nordre Osen nye kyrkje, men vart ikkje riven. I dag er kyrkja freda og står der nærmest som eit museum, eit vitnesbyrd om si tid, med gamalt inventar. Det vert feira olsokgudsteneste, bryllaup og skoleavslutningar i kyrkja.

Nordre Osen gamle kyrkje
Nordre Osen gamle kirke
Nordre-Osen-Old-Church-Åmot-Norway.jpg
Foto: Peter John Acklam
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Sør-Østerdal
Sokn Nordre Osen
Fellesråd Åmot
Type Krosskyrkje
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 12. oktober 1777
Tårn I vest (tårnfot danner vestre krossarm)
Klokker 2 (1777 og 1900)
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Laurits Larsen, 1674
Døypefont 1777
Altartavle Laurits Larsen, 1674
Sitjeplassar 150
Wikimedia Commons: Nordre Osen gamle kirke

Kyrkjerommet er umåla og har framleis gamle kyrkjebenkar med gårdsnamn påmale etter fordeling i 1803. Det finst korkje orgel eller elektrisitet i kyrkja.

Kyrkjegarden har vorte utvida sørover frå gamlekyrkja og strekker seg no forbi den nye kyrkja, med eit markant skille mellom gamal og ny del.

LitteraturEndra

  • Sørmoen, Oddbjørn; Havran, Jiri (2001). Kirker i Norge, bind 2: 1700-tallet. Skjønnhetens århundre. Oslo: ARFO. s. 60-65, 37 og 43. ISBN 82-91399-10-7. 
  • Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 623. ISBN 82-7527-022-7. 

BakgrunnsstoffEndra

  Denne kyrkjeartikkelen som har med Hedmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.