Olav Oksvik

norsk politikar

Olav Oksvik (7. mai 188716. september 1958) var ein norsk sosialdemokratisk politikar, som for det meste representerte Arbeidarpartiet.

Olav Oksvik

Olav Oksvik i 1947
Foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum
Fødd7. mai 1887
Stranda kommune
Død16. september 1958 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiNorges Socialdemokratiske Arbeiderparti, Arbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Bakgrunn endre

Han blei fødd i StrandaSunnmøre. Faren var gardbrukar. Oksvik blei steinarbeidar, og var mellom anna med og bygde opp att Ålesund etter bybrannen i 1904. Men snart busette han seg i Molde, der han blei gift med Ingeborg Mittet. Der kom han til å bu resten av livet, og der var basen for den politiske verksemda hans som den leiande personlegdomen i den romsdalske og sunnmørske arbeidarrørsla.

Politikk endre

Oksvik gjorde ein stor innsats for å byggje opp arbeidarpartilag i Romsdal og på Sunnmøre, noko som slett ikkje alltid var lett. Men i 1921 gjekk han ut av Det norske Arbeidarpartiet (DNA), og blei ein av leiarane i Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (NSA). Oksvik var konsekvent demokratisk sosialist, og kunne ikkje vere med på ferda da DNA forkasta prinsippet om folkefleirtalet og vart medlem i den kommunistiske Tredje Internasjonalen. Oksvik stod saman med mellom andre Kaare Fostervoll, Jacob Vidnes og Anton L. Alvestad mot «tranmælittane» og dei revolusjonære innanfor Arbeiderpartiet. I Møre og Romsdal var utbrytarpartiet NSA større enn DNA, og hadde dessuten eit tyngdepunkt på Sunnmøre.[1]

Da det etter press frå LO kom til forhandlingar om samling, var Oksvik med i NSA-delegasjonen, og var med og sikra at det sameinte Arbeidarpartiet slo fast prinsippet om folkefleirtalet. Dette skjedde i 1927. DNA hadde gått ut av Tredje Internasjonalen i 1923, men enno i nokre år var partiet sterkt prega av radikalismen til Martin Tranmæl. Men på 1930-talet var Oksvik saman med Johan Nygaardsvold med på å utvikle ein sosialistisk politikk på klårt demokratisk grunn. Oksvik var òg ein av arkitektane bak kriseforliket med Bondepartiet, som gjorde at Nygaardsvold kunne danne regjering i 1935. Dette var den første varige arbeidarregjeringa, som skapte ny optimisme blant arbeidarar, fiskarar og bønder, og i stor grad la grunnen for den regulerte blandingsøkonomien og velferdsstaten her i landet.

Oksvik var stortingsrepresentant frå 1928 til 1953 og odelstingspresident frå 1945 til 1947 og frå 1949 til 1953. Han var landbruksminister i Gerhardsen-regjeringa frå 1947 til 1948.

Men til liks med Christopher Hornsrud, første statsministeren frå DNA alt i 1928, og Johan Nygaardsvold, blei Oksvik gradvis meir skeptisk til den politikken Arbeidarpartiet etter kvart slo inn på etter krigen. Alt i 1945 var det klart at det meste av makta i partiet var flytta frå stortingsgruppa, der distriktsrepresentantar som Oksvik stod sterkt, til den nye regjeringa og det meir lukka miljøet på partikontoret i Oslo.[2]

Oksvik var svært skeptisk til stormaktpolitikk og gjekk inn for eit skandinavisk forsvarsforbund. Men forhandlingane om dette i 1948 vart mislykka, blant anna fordi delar av DNA-leiinga truleg alt hadde bestemt seg for å gå i allianse med dei vestlege stormaktene. Og tilslutning til NATO blei mot Oksvik sin vilje pressa fram og vedteken av DNA sitt landsmøte i 1949 utan at saka var send ut til laga på førehand. slik vanleg var med store saker.[3]

Folk som Hornsrud, Nygaardsvold og Oksvik likte ikkje verken underordninga under vestleg stormaktspolitikk eller sentraliseringspolitikken som blei stadig tydelegare. Dei kritiserte at alt snakk om sosialisme blei lagt på hylla. Dei såg med velvilje på at den opposisjonelle avisa Orientering blei etablert i 1953, med ei politisk linje nær deira eige syn: Mot atomopprusting i både aust og vest, mot både austlege og vestlege stormakter sine overgrep mot små folk, for demokratisk sosialisme som alternativ til både vestleg kapitalisme og austleg stalinisme. Krinsen rundt avisa Orientering blei sidan til Sosialistisk Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti. Fleire historikarar har påpeika dei klare ideologiske trådane frå NSA på 1920-talet via Nygaardsvold-perioden til SF/SV. [4][5] [6]

Etter han trekte seg frå rikspolitikken var Oksvik fylkesmann i Møre og Romsdal. Han hadde lenge arbeidd for kraftutbygging i dei store fjellområda i Nesset og Sunndal kommunar, til både allmenn forsyning og til industrireising. Dette er Aura-anlegga. Som fylkesmann fekk han sjå krona på verket, da det store statlege aluminiumsverketSunndalsøra stod ferdig i 1954.

Men Oksvik fekk avlyst den offisielle opninga av Sunndal Verk den 22. november 1954. Han var skuffa over at lovnaden om meir straum til allmenn forsyning ikkje var halden.[7] Oksvik var kjend som pragmatikar, men var eigentleg ein svært prinsippfast politikar i botnen, og demonstrerte sin misnøye når han følte for det.

Olav Oksvik døydde i 1958. Det står statuar av han i Molde og på Sunndalsøra.

Andre verdskrigen endre

I 1941 vart han spurd om å bli ordførar i Bolsøy, han avslo i brev slik:[8]

Gjennem fylkesmannen har jeg mottatt melding om oppnevnelsen til ordfører i Bolsøy. Etter det som foreligger, kan jeg ikke påberope meg noen av de anførte grunner for å tiltre stillingen. Jeg vil heller ikke gjøre gjeldende at jeg i de sist år ikke har arbeidet med den kommunale administrasjon, da jeg er fullt klar oppmerksom på at det oppnevnes folk med dårligere kvalifikasjoner. At 99 prosent av bygdens folk er motstandere av nyordningen er heller ikke særlig for Bolsøy, da stillingen praktisk talt er den samme for hele fylket. Men som medlem av det avskaffede og utsjikanerte Storting, ser jeg det som en uanstendighet å motta tillitsverv hvor forutsetningene må være å undergrave de rettigheter og institusjoner som jeg som stortingsmann var valg for å ivareta. Jeg forutsetter etter forannevnte at departementet tar saken opp igjen og løser meg fra ordførerstillingen.
 
Olav Oksvik kom frå Stranda på sørsiden av Storfjorden. Under andre verdskrigen låg han i skjul for politi mellom anna på den isolerte fjellgarden Skrenakken (heilt til venstre i fotografiet) og Lie på motsett side av innløpet til Sunnylvsfjorden.

I 1943 blei han utnemnd av regjeringa i London til illegal fylkesmann i Møre og Romsdal. Han skulle vere klar i tilfelle ein invasjon og frigjering av Norge. I desember 1944 blei han arrestert på Sjøholt, men lurte seg unna politivakta medan dei venta på bussen. Med hjelp frå kjende kom han seg over Storfjorden til den einslege garden Vindsnes, eit par dagar etter kryssa han til nordsiden og så tilbake til sørsida ved garden Skotet. Frå Skotet gjekk han langs det bratte berget til Vidhammar der han var julehelga. Deretter fekk han skyss med motorbåt til Stordal på nordsida, og heldt seg skjult på ulike gardar i Stordal og Liabygda. Oksvik smugla eit brev til kona som sette ut rykte om at mannen hadde rømt til Sverige og England. Frå Liabygda kryssa han fjorden til Stranda og gjekk i dekning på garden Lie ovanfor fødestaden Uksvik. Lie låg ved enden av vegen, og frå vindauget kunne ein sjå om nokon kom. Frå Lie flytta han vidare til den isolerte fjellgarden Skrednakken på andre sida av Sunnylvsfjorden, i mars 1945 reiste han tilbake til Vidhammar og vidare til ei hytte i skogen nokre kilometer frå Sjøholt. Han tok seg før 7. mai til nordsida av Romsdalsfjorden og tok der kontakt med fungerande fylkesmann Erling Kvadsheim. Oksvik ba Kvadsheim tre tilbake neste dag. Oksvik overtok som mellombels fylkesmann 8. mai etter at han kvelden før hadde vore med på å planlegga overtaking av den sivile administrasjonen i fylket. Trygve Utheim, den tidlegare avsette fylkesmannen, kom tilbake frå England og tok opp att sitt gamle embete.[8]

Referansar endre

  1. Melle, Oddbjørn (2000): Rektor i krigstid: Kaare Fostervoll og Ålesund. Tidsskrift for Sunnmøre historielag, 76. årgang.
  2. Berntsen, Harald: Statsministerkuppet, Centrum norsk forlag, ISBN 9788230700020. Korleis Nygaardsvold vart avsett og om maktforskyvinga frå stortingsgruppa til regjeringa og det sentrale partiapparatet.
  3. Furre, Berge: Norsk historie 1905-1990, Det Norske Samlaget, ISBN 8252134874, side 226-237 om NATO-striden i Ap.
  4. Sjå mellom anna Løseth, Arnljot: Likskap og lagdeling, bd 3 i Fylkeshistorie for M&R, ISBN 8252144039, side 393-394, som viser samanhengen mellom uavhengig sosialdemokratisk line (NSA) i 20-åra, NATO-motstand i 40-åra og SF (og EU-motstand i arbeidarrørsla generelt i M&R).
  5. Pax Leksikon, bd 3, ISBN 8253012373, side 104, art. om Christopher Hornsrud, der det mellom anna heiter: «Hornsrud var politisk aktiv i nesten tre menneskealdre. Noe av det mest karakteristiske ved ham - som ved flere andre av de gamle sosialdemokratene, som f.eks. Kaare Fostervoll og Olav Oksvik - var stedighet. De grunnleggende synspunktene fra århundreskiftet bevarte han til sin død. Det forklarer det paradoksale i at den gamle reformist etter hvert kom til å stå til venstre i Arbeiderpartiet (---). Han var i 1953 med på stiftelsen av opposisjonsorganet «Orientering»..
  6. *Pax Leksikon, Pax Forlag, bind 6, ISBN 8253012349, side 27-28. Art. om SF, viser til kontinuiteten frå Ap sine nordistar/NATO-skeptikarar og klassisk sosialdemokrati.
  7. Innvik, Petter Erik og Ulvund, Arne: Fra bondebygd til industristed, Didakta forlag 1990, ISBN 8299226805, side 131, om den offisielle opninga av Verket på Sunndalsøra, som Oksvik fekk avlyst.
  8. 8,0 8,1 Kjølås, Gerhard (1969). Olav Oksvik: mannen og politikaren. Rune. 

Kjelder endre

  • Bergh T.; Arbeiderbevegelsens historie i Norge, Tiden Norsk Forlag, ISBN 8210027557, bind 5, særleg side 266-270 om Oksvik & Co sin NATO-motstand/«nordisme» og side 270-280 om deira «populistiske» distriktsorientering som peikte fram mot EU-striden.
  • Berntsen, Harald: I malstrømmen, Aschehoug 1991, ISBN 9788203228896 (8203228895). Viser blant anna maktforskyvinga innan Ap og mellom Stortinget og regjering/partiapparat etter krigen.
  • Berntsen, Harald: Statsministerkuppet, Centrum norsk forlag, ISBN 9788230700020. Korleis Nygaardsvold vart avsett og om maktforskyvinga frå stortingsgruppa til regjeringa og det sentrale partiapparatet.
  • Brox, Ottar: Ta vare på Norge!, Gyldendal Norsk Forlag, 1988, ISBN 8205173958, der mest heile boka er ein argumentasjon for arven frå Oksvik-Nygaardsvold-perioden.
  • Furre, Berge: Norsk historie 1905-1990, Det Norske Samlaget, ISBN 8252134874, særleg side 226-237 om NATO-striden i Ap.
  • Innvik, Petter Erik og Ulvund, Arne: Fra bondebygd til industristed, Didakta forlag 1990, ISBN 8299226805, side 131, om den offisielle opninga av Verket på Sunndalsøra, som Oksvik fekk avlyst.
  • Løseth, Arnljot: Likskap og lagdeling, bd 3 i Fylkeshistorie for M&R, ISBN 8252144039, side 393-394, viser samanhengen mellom uavhengig sosialdemokratisk line (NSA) i 20-åra, NATO-motstand i 40-åra og SF (og EU-motstand i arbeidarrørsla generelt i M&R).
  • Norderval, Ingunn: Olav Oksvik : Medmenneske og politiker, ISBN 82-10-03238-0, blant anna side 128 – om lina mellom Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (NSA) og NATO-opposisjonen/nordismen i Ap.
  • Pax Leksikon, Pax Forlag, bind 6, ISBN 8253012349, side 27-28. Art. om SF, viser til kontinuiteten frå Ap sine nordistar/NATO-skeptikarar og klassisk sosialdemokrati.
  • Pax Leksikon, bd 4, ISBN 8253012381, side 506, art. om Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (NSA), viser til at NSA i tilbakeblikk var meir radikalt enn Ap skulle bli, slik at «en del sentrale skikkelser i NSA (etter hvert) havnet på DNAs venstre fløy».
  • Pax Leksikon, bd 5, ISBN 8253012349, s 57, art. Om Orientering, viser til at bladet – som SF sprang ut av - blei dominert av folk på Ap sin venstrefløy, og til linene tilbake til både Mot Dag og «gamle sosialdemokrater i arbeiderbevegelsen».
  • Pax Leksikon, bd 3, ISBN 8253012373, side 104, art. om Christopher Hornsrud, der det mellom anna heiter: «Hornsrud var politisk aktiv i nesten tre menneskealdre. Noe av det mest karakteristiske ved ham - som ved flere andre av de gamle sosialdemokratene, som f.eks. Kaare Fostervoll og Olav Oksvik - var stedighet. De grunnleggende synspunktene fra århundreskiftet bevarte han til sin død. Det forklarer det paradoksale i at den gamle reformist etter hvert kom til å stå til venstre i Arbeiderpartiet (---). Han var i 1953 med på stiftelsen av opposisjonsorganet «Orientering»..
  • Sætra, Hartvig: Populismen i norsk sosialisme, Pax forlag 1971, 1972, mellom anna side 10, 22, 23, 24 og 38. Viser lina mellom SF sin «grøne sosialisme» og Oksvik-Nygaardsvold-politikken og -perioden.
  • Tidsskrift for arbeiderbevegelsens historie (TFAH) nr 1 1984, ISBN 03325539 og ISBN 8253013043, art. Da populismen seiret i SF av Kjetil Paulsen. Denne viser bl a på side 134 til det raudgrøne perspektivet og by-land-alliansen i periodar i norsk arbeidarrørsle og «Nygaardsvold-romantikken» i SF, altså lina mellom Oksvik-Nygaardsvold og SF/SV.
  • TFAH nr 1 1986, ISBN 03325539 og ISBN 8210028324, art. av SF/SV-veteranen Ottar Brox Johan Nygaardsvolds regjering og bygdesamfunnet, der Brox rosar og forsvarar politikken i Oksvik-Nygaardsvold-perioden i Ap.

Bakgrunnsstoff endre