North og South Foreland
North Foreland og South Foreland er to nes av kalkstein aust i Kent sør i England. North Foreland dannar austenden av Isle of Thanet. South Foreland ligg 5 km nordaust for Dover ved Doversundet og markerer den sørvestlege enden av St Margaret's Bay (kalla opp etter landsbyen St Margaret-at-Cliffe). Begge består av bratte klipper og har eit flott utsyn over Nordsjøen. På North Foreland står North Foreland fyr og på South Foreland står to. Det eine gjekk ut av drift i 1910 og det andre i 1988.
North og South Foreland | |||
nes | |||
South Foreland
| |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
North og South Foreland 51°22′30″N 1°26′42″E / 51.375°N 1.445°E |
South Foreland er den geologiske motparten til Cap Blanc Nez heilt nord i Boulonnais i det franske departementet Pas-de-Calais. Dei to står på kvar si side av Doversundet. Neset er derfor det punktet i Storbritannia som er nærast det europeiske fastlandet, som ligg 34 km unna.
Krig
endreTo sjøslag under dei engelsk-nederlandske krigane er kalla slaget ved North Foreland etter neset:
- Slaget ved the Gabbard, 12. til 14. juni 1653 under den første engelsk-nederlandske krigen.
- St. James's Day-slaget, 4. til 5. august 1666 under den andre engelsk-nederlandske krigen.
Under den andre verdskrigen stod ein radarstasjon på South Foreland.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «North and South Foreland» frå Wikipedia på engelsk, den 16. januar 2010.
{{refslutt}