North Isles er dei nordlege øyane i Shetlandsøyane i Skottland. Hovudøya i gruppa er Yell, Unst og Fetlar. Stundom vert øyane i Yell Sound rekna med i denne gruppa.

North Isles
øygruppe
Land  Storbritannia
Kart
North Isles
60°40′00″N 1°00′00″W / 60.666666666667°N 1°W / 60.666666666667; -1
Wikimedia Commons: North Isles
Shetland med North Isles i raudt.

Yell og Unst er den nest største og den tredje største øya av Shetlandsøyane, og den tredje og fjerde mest folkerike. Samla dannar dei eit større areal enn resten av Shetlandsøyane (utanom Mainland).

Huney frå Unst og nokre av North Isles
Ferjene som går mellom Toft på Mainland og Yell

Geografiske ytterpunkt endre

I gruppa finn ein de nordlegaste punktet i Storbritannia og Shetland ved Out Stack nær Muckle Flugga og den nordlegaste busetnaden SkawUnst.

På Fetlar finn ein òg dei austlegaste punkta i Skottland, med unntak av Out Skerries og det meste av Fetlar og Unst er mindre enn 350 km frå Noreg.

Ein kan reise direkte nordover frå Out Stack til Nordpolen utan å treffe andre landmassar.

Her finn ein òg det nordlegaste slottet (Muness Castle), det nordlegaste postkontoret (Baltasound), det nordlegaste fyret (Muckle Flugga), den nordlegaste vegen, det nordlegaste bryggeriet (Valhalla Brewery), den nordlegaste kyrkja (Haroldswick Methodist Church[1]), den nordlegaste ferjeruta (Gutcher (Yell) til Belmont (Unst)) og den nordlegaste «skogen» (nær Baltasound[2]) i Storbritannia

Kjelder endre

  1. «Haroldswick Methodist Church, Unst». Undiscovered Skottland. Henta 24. mars 2010. [daud lenkje]
  2. Blackadder, Jill Slee (2003). Shetland. Colin Baxter Island Guides. Strathspey: Colin Baxter Photography. ISBN 1-84107-125-0. 

60°40′N 1°0′W / 60.667°N 1.000°W / 60.667; -1.000