Nostradamus av Judas Priest

Nostradamus
Studioalbum av Judas Priest
Språk engelsk
Utgjeve 17. juni 2008
Innspelt 2006 –2007 i The Old Smithy Studio i Kempsey i Worcester i Storbritannia
Sjanger Heavy metal,[1][2] rockeopera
Lengd 102:48
Selskap Epic
Produsent Glenn Tipton og K.K. Downing
Judas Priest-kronologi 
Angel of Retribution
(2005)
Nostradamus Redeemer of Souls
(2014)


Nostradamus er det sekstande studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Judas Priest, og fokuserer på forfattaren Nostradamus frå 1500-talet.[6] Det er eit dobbeltalbum og det første konseptalbumet deira med Rob Halford.[7] Det var opphavleg meint å kome ut seint i 2006 men kom til slutt ut i juni 2008 på Epic Records. Det er det siste albumet med K.K. Downing, før han trekte seg attende i april 2011.[8]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 stars[1]
Blabbermouth5/10[3]
PopMatters5/10[4]
Rock Hard (de)6/10[5]

Judas Priest turnerte me Motörhead, Heaven & Hell og TestamentMetal Masters Tour for å marknadsføre Nostradamus. Bandet heldt òg ein verdsturné i 2008 og 2009.

Utvkling endre

Ideen om konseptet om Nostradamus kom frå manageren Bill Curbishley[9] og vart føreslått for bandet medan dei turnerte i Estland i 2005. Gitaristen K.K. Downing avslørte i februar 2007at bandet hadde spelt in i alt 18 songar og at det ikkje var mykje han kunne tenke seg å ta bort. Musikalsk inneheld albumet symfoniske parti, mellom anna ved hjelp av klaverinstrument og kor, noko bandet ikkje hadde gjort før.[10] I november 2007 byrja bandet å mikse albumet.[11]

Utgjeving endre

I november 2007 indikerte songaren Rob Halford at det ikkje var avgjort om et kom til å bli eit dobbeltalbum eller ikkje. I april 2008 vart det stadfesta at det kom til å bli eit dobbeltalbum.[12]

«Nostradamus» selde 42 000 eksemplar i USA den første veka det kom ut og nådde 11. plassen på Billboard 200. Dette var den høgaste plasseringa bandet hadde klart til då i USA før dette vart forbigått av Redeemer of Souls i 2014, som nådde sjetteplassen. I følgje Billboard.com vart albumet gjeve ut i Europa den 16. juni 2008 og 17. juni i USA. Det fanst tre versjonar av Nostradamus. Den mest vanlege er ein vanleg dobbel-CD, men det finst òg ein «CD deluxe hardbound version», med eit 48 sider langt hefte, medan ein «super deluxe version» innneheld tre vinylplater i tillegg til CD-utgåva og ein plakat.[13]

Tittelsporet kom ut 12. april 2008 som gratis nedlasting på nettsida til Judas Priest.[14] Den andre singelen, «Visions», kom ut 4. mai 2008.

Tittelsporet vart nominert til Grammyprisen for beste metal-song.[15] Songen «Visions» vart òg nominert i klassen beste hardrocksong.[15]

Bandet hadde ønske om å spele heile albumet frå start til slutt som ein del av ein teaterproduksjon, men ideen vart skrinlagt, kanskje fordi fansen var lunkne til albumet.[16]

Mottaking endre

Sputnik Music sa om Nostradamus at bandet «har kasta bort både speed metal og hardrock til fordel for ein meir symfonisk metal-stil» og albumet «la større vekt» på synthesizerar, men ikkje på ein dårleg måte som på Turbo frå 1986. Kritikaren meinte det var «smerteleg tydeleg» at bandet kjempa med ein uvanleg stil for dei.[17] Allmusic sa at albumet representerte «episk metal» av slaget som Iron Maiden hadde laga med Seventh Son of a Seventh Son i 1988. Ein meinte albumet hadde Spinal Tap-aktige klisjear som «melodramatiske talte mellomspel». «Utdaterte» synthesizer-strykarar forsterka kjensla om at bandet prøvde å finne nok musikk til å fylle eit heilt dobbeltalbum, der det burde ha vore trimma ned til eit enkelt album.[1]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av K.K. Downing, Glenn Tipton og Rob Halford.

Plate ein
Nr.TittelLengd
1.«Dawn of Creation»2:32
2.«Prophecy»5:27
3.«Awakening»0:53
4.«Revelations»7:05
5.«The Four Horsemen»1:35
6.«War»5:05
7.«Sands of Time»2:37
8.«Pestilence and Plague»5:09
9.«Death»7:34
10.«Peace»2:22
11.«Conquest»4:42
12.«Lost Love»4:28
13.«Persecution»6:34
Plate to
Nr.TittelLengd
1.«Solitude»1:23
2.«Exiled»6:33
3.«Alone»7:50
4.«Shadows in the Flame»1:10
5.«Visions»5:24
6.«Hope»2:10
7.«New Beginnings»4:57
8.«Calm Before the Storm»2:05
9.«Nostradamus»6:43
10.«Future of Mankind»8:30

[18]

Medverkande endre

Henta frå plateomslaget:[18]

Judas Priest
Andre musikarar
Produksjon
  • Produsert av Glenn Tipton & K.K. Downing
  • Lydteknikar: Richard Wood
  • Miksa av Attie Bauw med Glenn Tipton & K.K. Downing
  • Mastra av Attie Bauw og Darius Van Helfteren
  • Plateomslag av Mark Wilkinson

Lister endre

Lister (2008) Plassering
Australske album (ARIA)[19] 17
Austerrikske album (Ö3 Austria)[20] 13
Canadian Albums Chart[21] 9
Belgiske album (Ultratop Flandern)[22] 79
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[23] 50
Danske album (Hitlisten)[24] 17
Nederlandske album (MegaCharts)[25] 38
Franske album (SNEP)[26] 38
Finske album (Suomen virallinen lista)[27] 3
Tyske album (Media Control)[28] 5
Italienske album (FIMI)[29] 26
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[30] 31
Norske album (VG-lista)[31] 12
Spanske album (PROMUSICAE)[32] 26
Svenske album (Sverigetopplistan)[33] 5
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[34] 12
Britiske album (OCC)[35] 30
US Billboard 200[36] 11

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 James Christopher Monger (17. juni 2008). «Nostradamus - Judas Priest | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 11. september 2016. 
  2. Wiederhorn, Jon (29 June 2006). «Judas Priest’s Nostradamus Concept LP: A Heavy-Metal ‘Phantom Of The Opera’». MTV News. Henta 21. september 2016. 
  3. Bergman, Keith. «Review: Nostradamus». Blabbermouth.net. Henta 21. september 2016. 
  4. Begrand, Adrien. «Judas Priest: Nostradamus». PopMatters. Henta 11. september 2016. 
  5. Kaiser, Boris. «Rock Hard review». issue 255. Henta 21. september 2016. 
  6. «Judas Priest Confirmed For Denmark's Roskilde Festival», blabbermouth.net, 10 March 2008.
  7. «Judas Priest Meets Nostradamus On New CD», Greg Prato, Billboard, 12 April 2006.
  8. «News - Judas Priest announce farewell EPITAPH World Tour!!». JudasPriest.com. Henta 11. september 2016. 
  9. http://www.mtv.com/news/1535473/judas-priests-nostradamus-concept-lp-a-heavy-metal-phantom-of-the-opera/
  10. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. mars 2008, henta 21. september 2016 
  11. «Judas Priest Mixing 'Nostradamus'». Ultimate-Gitar.com. 19 November 2007. Arkivert frå originalen 18. mai 2021. Henta 21. september 2016. 
  12. «Judas Priest Begins Mixing 'Nostradamus' - Blabbermouth.net». Roadrunnerrecords.com. 18. november 2007. Henta 11. september 2016. 
  13. «Judas Priest Finally Takes On 'Nostradamus'». Billboard. 16. april 2008. Henta 11. september 2016. 
  14. arkivkopi, arkivert frå originalen 22. april 2008, henta 21. september 2016 
  15. 15,0 15,1 «Grammy 2009 Winners List». MTV. 8 February 2009. Henta 6 February 2012. 
  16. Saulnier, Jason (16 April 2011). «Rob Halford Interview, Judas Priest Singer talks Rare Recordings». Music Legends. Henta 10. september 2016. 
  17. Stagno, Mike (14 June 2008). «Judas Priest – Nostradamus». Sputnik Music. Henta 21. september 2016. 
  18. 18,0 18,1 Nostradamus Liner notes. Epic Records. 2008. s. 3, 23. 
  19. "Judas Priest – Nostradamus". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  20. "Judas Priest - Nostradamus" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  21. «Judas Priest's 'Nostradamus' Is Band's Highest Charting U.S. Album To Date». Blabbermouth.net. 25. juni 2008. Henta 11. september 2016. 
  22. "Judas Priest – Nostradamus" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  23. "Judas Priest – Nostradamus" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  24. "Judas Priest – Nostradamus". Danishcharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  25. "Judas Priest – Nostradamus". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  26. "Judas Priest – Nostradamus". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  27. "Judas Priest: Nostradamus" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 15. september 2016.
  28. "Judas Priest - Nostradamus". Charts.de. Media Control. Henta 15. september 2016.
  29. "Judas Priest – Nostradamus". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  30. "Judas Priest – Nostradamus". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  31. "Judas Priest – Nostradamus". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  32. "Judas Priest – Nostradamus". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  33. "Judas Priest – Nostradamus". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  34. "Judas Priest – Nostradamus". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  35. "Judas Priest | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 15. september 2016.
  36. "Judas Priest Album & Song Chart History" Billboard 200 for Judas Priest. Prometheus Global Media. Henta 15. september 2016.

Bakgrunnsstoff endre