Novi Pazar (serbisk Нови Пазар, tyrkisk Yeni Pazar) er ein by og ein kommune i Raška distrikt i Serbia i den geografiske regionen Sandžak. Byen har om lag 55 000 innbyggjarar, medan kommunen har om lag 85 000 innbyggjarar.

Novi Pazar
Byvåpenet til Novi Pazar
Byvåpenet til Novi Pazar


Plassering
Novi Pazar is located in Serbia
Styresmakter
Land  Serbia
Region Sentral-Serbia
Distrikt Raška
Borgarmeister Mirsad Đerlek
Geografi
Flatevidd
 - By

742 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2002)
   - folketettleik
 - Byområde

85 996
  115,9 /km²
54 604
Koordinatar 43°09′0″N 20°31′0″E / 43.15000°N 20.51667°E / 43.15000; 20.51667
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 36300
Bilnummer NP
Nettstad: www.novipazar.org.rs

Namn endre

Namnet tyder «ny basar» på det lokale språket. Namnet kjem frå det tyrkiske ordet «pazar» og det serbiske/bosniske ordet «novi» som tyder «ny».

Historie endre

Byen kom til liv som ein handelsenklave nær byen Ras, som var hovudstad i kongedømet Serbia i mellomalderen. Ras var ikkje ein ideell stad som stoppestad for handelsmennene som reiste langs handelsvegane på Balkan, og ein ny handelsstad vart grunnlagd nokre få kilometer frå hovudstaden (og derfor namnet på byen).

Novi Pazar fekk formelt byrettar i 1459-1461 av Isa-beg Ishaković, som òg var grunnleggjaren av Sarajevo. Dei første skriftlege kjeldene nemner Novi Pazar på 1400-talet då Rådet i Republikken Ragusa sendte ein konsul til byen. Dette vitnar om at byen då alt truleg var utvikla med vegar til Dubrovnik, Niš, Sofia, Konstantinopel, Salonica (Thessaloníki), Sarajevo, Beograd og Budapest. Mange forfattarar skreiv om Novi Pazar og Evliya Celebi noterte at han var ein av dei største byane på Balkan på 1600-talet.

Byen var sete for Novibazar Sanjak under Det osmanske riket frå 1400-talet til 1900-talet.

Novi Pazar Sanjak vart okkupert og administrert av Austerrike-Ungarn frå 1878 til 1908. I 1908 kom området tilbake til Det osmanske riket, fram til 1912 då Serbia tok over under den første balkankrigen. Etter den første verdskrigen vart Novi Pazar mindre viktig.

Kjelder endre