Walisisk
Walisisk, kymrisk eller velsk er eit p-keltisk språk, og høyrer saman med dei bretonsk og kornisk til den brittonske undergruppa av dei keltiske språka. Det blir snakka i Wales av rundt 580 000 menneske, noko som gjer det til det største keltiske språket. I Wales er walisisk, attmed engelsk, offisielt språk og skulespråk. Det finst to dialektar, ein nordleg og ein sørleg.
Walisisk Cymraeg, y Gymraeg | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk | |
Talarar | walisarar | |
Bruk | ||
Tala i | Storbritannia | |
Område | Wales, (Chubut-Tal i Argentina) | |
Walisisktalande i alt | over 580 000 | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Wales | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | cy | |
ISO 639-2 | wel/cym | |
ISO 639-3 | cym |
Til skilnad frå bretonsk er walisisk svært levande, det blir vidareført til barn som morsmål, og det blir brukt i alle samfunnsmessige situasjonar. Perspektiva for å halde på språket er dermed relativt gode. Walisisk blir snakka i samanhengande område, i nord er dei også i fleirtal, med opptil 70 %. I løpet av dei siste ti åra er den prosentvise delen av talarar konstant, men i absolutte tal er det ein svak framgang. I Wales er det ei eiga folkeforsamling, National Assembly for Wales / Cynulliad Cenedlaethol Cymru, som er aktivt når det gjeld åtgjerder for bevaring av walisisk. Språket fungerer også som eit symbol for walisarar, også for dei som ikkje kan walisisk.
Etter folketeljinga i 2001 snakkar over 20 % av walisarane språket. 7 % av folket oppgav å ha i det minste noko kunnskap i walisisk. Dermed kan vel 70 % av walisarane ikkje forstå walisisk i det heile. At utsiktene til å halde på språket likevel er gode, kjem framfor alt av at engelsk stort sett berre blir funne i byane, mens walisisk blir snakka på store delar av landsbygda. Sjølv om det bur færre menneske på landsbygda, bur mange av dei i heilt walisiskspråklege samfunn.
I tillegg til i Wales blir walisisk snakka i Chubutdalen i den argentinske provinsen Chubut i Patagonia.
Skriftspråk
endreDet walisiske skriftspråket er relativt konservativt. Alfabetet består av desse bokstavane (merk digrafane):
a b c ch d dd e f ff g ng h i j l ll m n o p ph r rh s t th u w y
ch, dd, ff, ng, ll, ph, rh og th fungerer som einskildbokstavar, og blir også alfabetisert som det i ordbøker. k, q, v, x og z blir ikkje brukt i walisiske ord; j opptrer berre i engelske lånord. Vokalar kan vere korte eller lange. Alle ubetonte vokalar er korte, bortsett frå når dei er markert med grav aksent (à, è osb.). Lang er betonte Vokale foran b, ch, d, dd, f, ff, g, s, th, enkel n, enkel r; unntatt når dei er markert med sirkumfleks (â, ê osb.).
Fonologi
endreSjå også: Uttale av walisisk
Trykket ligg på nest siste staving, med eit par unntak: brénin = «konge», brenhínes = «dronning», breninésau = «dronningar». Eitt av desse unntaka er Cymráeg = «walisisk».
Konsonantar
endreWalisisk har desse konsonantfonema:
Bilabial | Labiodental | Labiovelar | Dental | Alveolar | Alveolar lateral |
Postalveolar | Palatal | Velar | Glottal | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Plosiv | p b | t d | k g | |||||||
Affrikat | tʃ dʒ | |||||||||
Nasal | (m̥) m | (n̥) n | (ŋ̊) ŋ | |||||||
Frikativ | f v | θ ð | s (z) | ɬ | ʃ | x | h | |||
Trill | r̥ r | |||||||||
Approksimant | w | l | j |
/z/ opptrer berre i uassimilerte lånord; ustemte nasalar /m̥/, /n̥/, /ŋ̊/ opptrer berre som resultat av initial konsonantmutasjon.
Endringar i framlyd
endreEit særtrekk ved walisisk, og ved andre øykeltiske språk, er framlydsmutasjonane (wal. treigladau). Under visse vilkår blir den initiale konsonanten i eit ord erstatta med ein annan konsonant.
Framlydsmutasjon kan bli utløyst av ordet til venstre (artikkel, possessivpronomen, preposisjon), eller via den syntaktiske posisjonen eller funksjonen ordet har i setninga (subjekt, objekt, adverbial).
Det finst ulike typar framlydsmutasjonar: Leniering (soft mutation, treiglad meddal), Nasalisering (nasal mutation, treiglad trwynol) og aspirasjon (aspirate mutation, treiglad llaes).
Possessivpronomenet i 2. person eintal dy («din») løyser ut lenisering; 1. person eintalfy («min») utløyser nasalisering; og 3. eintal feminin ei («hennar») aspirasjon.
Tabellen nedanfor viser effektane av framlydsmutasjonen (i.f. = ikkje forandring, dvs, grunnforma blir brukt):
Grunnform | Leniering | Nasalisering | Aspirering |
---|---|---|---|
pen – «hovud» | dy ben | fy mhen | ei phen |
tad – «far» | dy dad | fy nhad | ei thad |
ci – «hund» | dy gi | fy nghi | ei chi |
brawd – «bror» | dy frawd | fy mrawd | [i.f.] |
dant – «tann» | dy ddant | fy nant | [i.f.] |
gwallt – «hår» | dy wallt [1] | fy ngwallt | [i.f.] |
mam – «mor» | dy fam | [i.f.] | [i.f.] |
llaw – «hand» | dy law | [i.f.] | [i.f.] |
rhan – «del» | dy ran | [i.f.] | [i.f.] |
[1] g forsvinn som følgje av leniskering.
Grammatikk
endreSyntaks
endreDen normale, umarkerte ordstillinga i walisisk er Verb – Subjekt – Objekt, walisisk er eit VSO-språk:
Rhoddodd | yr | athro | lyfr | i'r | bachgen. |
Gav | -en | lærar | [ei] bok | til -en | gut |
«Læraren gav guten ei bok.»
Adjektiv kjem som regel etter substantivet som det står til:
y | ddraig | goch |
[den] | drake | raud |
«den raude draken»
Namnord
endreWalisisk skil mellom han- og hokjønsnamnord. Kjønsskilnaden er synleg berre i eintal.
Fleirtal kan bli danna på ulike sett:
- ved å leggje til ei fleirtalspåstaving: afal «eple» – fl. afalau;
- med omljod: Cymro «Walisar» – fl. Cymry;
- med påstaving og omljod: nant «elv» – fl. nentydd.
- Mange namnord avleier eintalsforma av fleirtalsforma ved å leggje til ei påstaving:
- sêr «stjerner» – ent. seren
- adar «fuglar» – ent. aderyn
Adjektiv
endreEi lita gruppe adjektiv har eigne feminine former
- trwm «tung» – fem. trom
- gwyn «kvit» – fem. gwen
Genusbøyinga av adjektiv er ikkje stabil.
Walisisk gradbøyer adjektiva i komparativ, superlativ og ekvativ («så … som»):
Positiv | Ekvativ | Komparativ | Superlativ |
---|---|---|---|
teg | (cyn) deced | tecach | tecaf |
vakker | så vakker | vakrare | vakrast- |
Preposisjonar
endreWalisisk bøyer preposisjonane sine:
Sg. | Pl. | |
---|---|---|
1 | arnaf – «på meg» | arnom – « på oss» |
2 | arnat – « på deg» | arnoch – « på dykk» |
3 | m. arno – « på han» | arnynt – « på dei» |
f. arni – « på henne» |
Litteratur
endre- Britta Schulze-Thulin: Walisisk – Wort für Wort, 192 Seiten, Reise Know-How Verlag, ISBN 3-89416-571-5
Bakgrunnsstoff
endre- http://www.bbc.co.uk/wales/learnwelsh/index.shtml – Learn Welsh] ved BBC.
- http://webarchive.nationalarchives.gov.uk/20040723071739/http://www.statistics.gov.uk/downloads/census2001/Report_on_the_Welsh_language.pdf Rapport om bruk av walisisk ved den britiske folketeljinga i 2001] (PDF)
- http://www.cymru.ac.uk/geiriadur/gpc_pdfs.htm Walisisk ordbok ved Universitetet i Wales
- The University of Wales Centre for Advanced Welsh and Celtic Studies[daud lenkje]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Walisische Sprache» frå Wikipedia på tysk, den 4. april 2006.