Nubl (arabisk skrift نبل, òg skrive Nubbul eller Nubbol) er ein liten by nord i Syria i Aleppo guvernement, nordvest for Aleppo. Av stader i nærleiken finn ein al-Zahraa like i sør, Anadan i søraust, Tel Rifaat i nordaust, Aqiba i nord og Barad i vest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Nubl eit folketal på 21 039 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sjiamuslimar og i lag med den nærliggande al-Zahraa, dannar Nubl eit lite sjiasamfunn som er ei lomme i eit hovudsakleg sunnimuslimsk område i Aleppo guvernement.[2]

Nubl
نبل
by
Land  Syria
Guvernement Aleppo
Distrikt A'zaz
Nahiyah Nubl
Koordinatar 36°22′32″N 36°59′39″E / 36.37556°N 36.99417°E / 36.37556; 36.99417
Folketal 21 039  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Nubl
36°22′32″N 36°59′39″E / 36.37555556°N 36.99416667°E / 36.37555556; 36.99416667

Den syriske borgarkrigen endre

Nubl og al-Zahraa vart kringsett av opprørarane med Den frie syriske armeen (FSA) i juli 2012. Rørsla ut av Nubl er strengt overvaka og byen er avhengig av å få forsyningar via lufta av den syriske hæren. Sjølv om fofrholdet mellom innbyggjarar i Nubl og landsbyane kring normalt har vore venleg, har den syriske borgarkrigen gjort at motstandarar av regjeringa frå nærliggande sunni-landsbyar har hevda at Nubl og al-Zahraa husar regjeringsvenlege militsar som har utført åtak mot opposisjonen. Det har vore fleire hemn-kidnappingar mellom Nubl og opprørsvenlege landsbyar i nærleiken.[2][3] Etter månader med slike kidnappingar, vart folkeråd i dei to byane samde om å byrje forhandlingar med sunniopprørarane den 27. mars 2013. Avtalen om å forhandle vart organisert av kurdarar frå Kurd Dagh-området i nærleiken, som er kontrollert av kurdiske separatistar i PYD. Kurdarane fungerte som meklarar og fleire kidnappa personar på begge sider vart sleppte fri.[4]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Aleppo guvernement. Arkivert på [1]. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 Hendawi, Hamza. In Syria, Sunni rebels besiege Shiite villages. Yahoo News. Originally published by Associated Press. 2012-10-18,
  3. Landis, Joshua. Clinton Helps Shape New Syrian Gov in Exile Syria Comment. 2012-11-01.
  4. AFP (27. mars 2013). «Syria kurdarar help Shiite, Sunni fighters negotiate». NOW. Arkivert frå originalen 5. juli 2018. Henta 27. mars 2013.