Nun ist das Heil und die Kraft

Nun ist das Heil und die Kraft, BWV 50, er ein koral sats som lenge har vore tilskriven Johann Sebastian Bach og som ein trur var ein del av ein tapt kantate. Stykket er skriven for eit uvanleg stort orkester, noko som indikerer at det var for eit spesielt høve. Instrumenteringa omfattar to firedelte kor, tre oboar, tre trompetar, pauke, strykeorkester, orgel og cembalo. Satsen varer om lag 4 minutt. Teksten er henta frå Johannesopenbaringa 12:10, og den amerikanske Bach-forskaren William H. Scheide har foreslått at han vart skriven for mikkjelsmesse.

Nun ist das Heil und die Kraft
BWV 50
Sats frå ein tapt koral kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1723
Publiseringsdato1863
Typisk lengd03:59

Verket har fascinert Bach-forskarar fordi opphavet er usikkert. Det finst ingen underskrivne kjelder og dei tidlegare kopiane nemner ikkje namnet til Bach. I 1982 hevda Scheide at den eksisterande utgåva (for doble kor) vart eit arrangement av ein ukjend person av ein tapt original for fem stemmer av J. S. Bach. Joshua Rifkin har derimot hevda at det var ein heilt annan komponist enn Bach som skreiv stykket.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre