Nydamskipet eller Nydambåten er eit roskip som vart funne ved utgravingar av Nydam mose vest for Sønderborg i Sønderjylland i 1859, 1863 og 1864. Skipet er tidfesta til åra omkring 320.

Nydamskipet
Foto: Erik Christensen

Nydamskipet er det eldste kjente rofartøyet i Nord-Europa, dendrokronologisk datert til 310–320 e.Kr., og nedlegginga i myra til 340-350 e.Kr. Skipet er klinkbygd på ein brei kjølplanke og har fem bordgangar på kvar side. Eikekjølen er gjort av eitt stykke og er 14,3 m lang. Breidda på kjølen er 57 cm midtskips og smalnar til ca. 20 cm i endene. Både kjølen og bordgangane har utskorne klampar til festing av dei 19 banda. Stamnane reiser seg i ein svak boge og er gjort av eit trestykke. Heile skipet er omkring 23 meter langt, 3,5 m breitt og veg ca. 3 tonn. Skipet har truleg hatt eit mannskap på omlag. 45 mann, av desse var 36 roarar. Årane var truleg berre ca. 3,5 m. lange og tilpassa keipar. Det er usikkert om desse årane som er funne tilhøyrde Nydamskipet eller den mindre, no bortkomne, furebåten.[1]

Skipet har hatt utvendig sideror.

Borda har utskorne klampar for festing av banda med vidjer

Kring 345 e.Kr. vart skipet hogge sundt, og lagt ut i vatnet, som sidan er grodd att og vorte til Nydam mose. Seks gonger mellom 200 og 450 e.Kr. vart det lagt krigsbytte i vatnet. Ei vanleg tolking er at skipet har tilhøyrt ein framand hær som er vorte overvunnen av den lokale fastbuande befolkninga.

Dei første arkeologiske utgravingane i Nydam mose vart gjort av Conrad Engelhardt i åra mellom 1859 og 1863. Her vart det funne store mengder våpen, bruksgjenstandar og tre fartøy frå eldre jernalder. Etter at skipet vart funne i 1863 vart delane liggande i myra inntil dei vart flytta til Flensburg. Allereie seinhaustes same år var rekonstruksjonen kommen så langt at skipet vart utstilt i det lokale museet. Utgravingane vart likevel stansa etter krigsutbrotet mellom Danmark og Prøysen i 1864, og dessverre gjekk mange av gjenstandane, mellom dei to av båtane, tapt. Etter fredsslutninga i 1864 overtok prøyssarane funna i Flensburg, og dette er grunnen til at dei i dag er i Tyskland, sjølv om funnstaden i dag ligg i Danmark.

Engelhardt sine rekonstruksjonsteikningar frå 1865

I 1877 vart Nydamskipet flytta til Kiel og utstilt der. I 1925 vart det flytta til eit nybygt lokale ved Landsdelsmuseet i Kiel. På grunn av mange flyangrep vart skipa i 1941 flytta på ein lekter gjennom kanalane til Ziegelsee ved Mölln i Schleswig-Holstein.

Etter andre verdskrigen bad den danske regjeringa om at funnet skulle utleverast. Dette kravet vart avvist av den britiske militærregjeringa i Nord-Tyskland i 1947, som samtidig samtykka i at funnet skulle få fast opphald i Slesvig. Våren 1947 fekk skipet den noverande plassen sin ved Landesmuseum Schleswig-Holstein, Schloss Gottorf utanfor Schleswig.

Det er bygd ein fullskalakopi av det restaurerte skipet. Kopien, som har fått namnet «Nydam Tveir», vart sjøsett 2013.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider, PAX FORLAG A/S OSLO 2022, side 62 ISBN 978-82-530-4310-4