Freden i Nystad

(Omdirigert frå Nystadtraktaten)

Freden i Nystad er namnet på den fredsavtalen som vart inngått mellom Sverige og Russland i 1721 i byen Nystad (fi: Uusikaupunki) i Finland, og dermed avslutta den store nordiske krigen. Sverige hadde då alt gjort fred med dei andre motstandarane i Stockholm og Frederiksborg.

Følgjer av avtalen: Sverige før krigen i gult, Russland i grønt, med områda som Russland fekk avmerkt.

Under krigen hadde Peter I av Russland okkupert alle dei svenske områda på austsida av Austersjøen: Ingermanland, der den nye russiske hovudstaden St. Petersburg vart grunnlagd i 1703, Svensk Estland og Svensk Livland, som kapitulerte i 1710 og Finland. I Nystad anerkjende Fredrik I av Sverige formelt overføringa av Estland, Livland, Ingermanland og Søraust-Finland (Kexholmslän og delar av Karelia) til Russia i byte mot to millionar sølv-dalar, medan det meste av Finland vart gjeven attende til Sverige.[1][2]

Nystad markerte eit avgjerande skifte i maktbalansen i Europa. Det svenske imperiet var over, Sverige gjekk inn i fridomstida, medan Russland hadde oppstått som eit nytt imperium.

Kjelder endre

  1. РГАДА. Рукописный отдел библиотеки Московской Синодальной типографии. Фонд 381, ед.хр.805. Л.6. Original handskriven tekst av freden i Nystad på russisk
  2. Ништадтский мирный договор между Россией и Швецией, 30 августа 1721 г. Arkivert 2008-05-21 ved Wayback Machine. Teksten i freden i Nystad på russisk

Bakgrunnsstoff endre

 

Originaltekst av Freden i Nystad ved Wikisource (ru).