Abraham Berge

Abraham Theodor Berge, (20. august 185110. juli 1936) var ein norsk politikar frå Lyngdal i noverande Vest-Agder fylke. Han var statsminister i Noreg frå 30. mai 1923 til 25. juli 1924. Berge representerte Frisindede Venstre og var ein av stiftarane av partiet. Tidlegare statsminister Otto Bahr Halvorsen døydde etter berre to månadar i statsministerstolen i si andre regjering. Regjeringa Halvorsen gjekk av 29. mai 1923. Berge gjekk inn for å fjerna alkoholforbodet, noko som gav den nye regjeringa problem. Stortingsfleirtalet kravde ny folkerøysting om alkoholforbod, og regjeringa fall.

Abraham Berge
Abraham Theodor Berge, 1912, L. Szacinski (firmaet), Oslo Museum, OB.SZ22556.jpg
Fødd20. august 1851
Lyngdal
Død10. juli 1936 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Frisindede Venstre (1906–)
Yrkepolitikar, bonde
VervNorsk statsminister 1923–1924
FøregangarOtto B. Halvorsen
EtterfylgjarJohan Ludwig Mowinckel
VervNorsk finansminister 1923–1924
FøregangarOtto Albert Blehr
EtterfylgjarArnold Holmboe
VervNorsk finansminister 1910–1912
FøregangarGunnar Knudsen
EtterfylgjarFredrik Ludvig Konow
VervNorsk kyrkje- og undervisingsminister 1907–1908
FøregangarOtto Jensen
EtterfylgjarKarl Seip
VervNorsk finansminister 1906–1907
FøregangarEdvard Hagerup Bull
EtterfylgjarMagnus Halvorsen

RiksrettEndra

Abraham Berge og seks av statsrådane hans vart i 1926 utsett for riksrettstiltale. Regjeringa Berge hadde gjort løyvingar utan å informera Stortinget. Saka var frå 1923 og løyvingane var gjort for å stø opp om Handelsbanken. Berge og statsrådane vart frikjende. Eit mindretal røysta mot frikjenning. Vurderinga ved frikjenninga gjekk på at regjeringa hadde handla i beste meining.

Sjå ògEndra

KjelderEndra