Oddmund Bye

norsk politikar

Oddmund Halvar Bye (13. mars 193525. september 2011) var ein norsk fiskar, fiskerileiar og politikar frå Myre i Vesterålen. Han var leiar av Norges Fiskarlag i perioden 1994–2001.

Oddmund Bye
Fødd 13. mars 1935
Øksnes
Død

23. september 2011

Yrke politikar

Bye stod på Nordland Høgre si liste ved stortingsvalet i 1993, og var i perioden 1993-97 partiet sin tredje vararepresentant til Stortinget. Seinare melde Bye seg ut av Høgre og stilte på ei såkalla uavhengig liste i lokalpolitikken. Han var medlem av kommunestyret i Øksnes kommune fram til han døydde.

Bye var aktiv medlem i Norges Fiskarlag, både som styremedlem og frå 1994 til 2001 som formann for organisasjonen.

Han omkom i einmannssjarken sin på havet utanfor Andøya. Bye og båten vart attfunnen 25 nautiske mil nordvest av Andenes.[1]

KjelderEndra

  1. «Blødde i hjel på havet». Kyst og Fjord. 30.09.2011.