Oddmund Raudberget

Oddmund Raudberget (fødd 12. juli 1932) er ein norsk teiknar, målar og bilethoggar frå Rissa. I vaksen alder har han butt i Oslo, Asker og Drammen.

Oddmund Raudberget
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. juli 1932 (91 år)
Yrke kunstmålar, bilethoggar
Oddmund Raudberget på Commons

I 1951–54 gjekk Raudberget på Kunstakademiet i Trondheim. Åra 1953–54 gjekk han òg i steinhoggarlære ved Trondheim Domkyrkje. I 1954–57 gjekk han på Statens kunstakademi under Per Palle Storm, i fresko-klassen i 1957–58, og ved Kunstakademiet i København i 1959. Raudberget er representert m.a. på Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og i ei lang rekkje offentlege og private samlingar.

Han debuterte som bilethoggar i 1955 med "Guttehode" i brend leire. Dei tidlege arbeida hans, som t.d. portrettet av Nils Kærup Bjørneboe, syner god karakteriseringsevne og kraftig overflatehandsaming. Etter kvart vert ei forenkling i overflatebehandlinga synleg. Halvfiguren "Martine" høyrer også med blant Raudberget sine beste arbeid. Som bilethoggar arbeider Raudberget i eit figurativt formspråk og vert rekna som ein representant for den klassiske linja i skulpturen i etterkrigstida. Han har arbeidt mykje med portrett og medaljar.

Raudberget har heilt frå barndommen vore oppteken av å teikna dyr, og har bevart interessa som skulptør. Han har laga mange dyreskulpturar, ofte i hamra og drive metall. Frå midten av 1970-åra utgjer hestehovud og hestefigurar ein stadig større del av verka hans. Han har m.a. ein hesteskulptur ståande i heimbygda Rissa, på Bjerkebanen, og ein hest er snart på plass ved Hå museum på Jæren. "Hest og mann" av Raudberget ved houedvegen i Horgen i Nedre Eiker er for øvrig eit kjent syn for mange.

Raudberget har òg laga mange vakre teikningar og måleri.

Kjelder endre