Oddvar Flæte

norsk politikar

Oddvar Johannes Flæte (fødd 31. mars 1944 i Leikanger), oppvaksen i Årdal og Høyanger, var fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 1994 til 2011.

Oddvar Flæte
Oddvar Flæte.jpg
Fødd 31. mars 1944 (76 år)
Leikanger
Yrke politikar
Oddvar Flæte på Commons

UtdanningEndra

Flæte er utdanna siviløkonom frå Handelshøyskolen BI (1971). Han har også teke utdanning i leiarutvikling hjå IMI i Geneve i Sveits (1991), og gått Forsvarets høgskole i 2001.

YrkeslivEndra

Frå 1971 til 1976 var Flæte tilsett ved ÅSV Høyanger Verk, i Høyanger kommune, med ansvar for opplæring, informasjon og organisasjon. Frå 1976 til 1982 var han leiar ved Vik Verk i Vik kommune. Frå 1982 til 1983 var Flæte marknadssjef i ÅSV Foredling.

Frå 1983 til 1987 jobba Flæte som prosjektleiar i Norwegian Petroleum Consultants/Statoil. Etter dette etablerte og dreiv Flæte, saman med fleire andre, konsulentfirmaet Terramar AS (1987-1992). I 1992 vart han tilsett som godsdirektør og seinare trafikkdirektør i NSB, ein posisjon han hadde fram til han vart fylkesmann i 1994.

Flæte var fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 1994 til 2011.

EngasjementEndra

Flæte har hatt ei rekkje styreverv i ulike verksemder, og har engasjert seg i satsing på informasjonsteknologi i Sogn og Fjordane, mellom anna gjennom prosjektet IT-forum Sogn og Fjordane. I embetstida hans vart den statlege informasjonstenesta noreg.no, seinare Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT), utvikla og lokalisert til Leikanger kommune.

Etter at Flæte gjekk av som fylkesmann i 2011 vart han styreleiar i Førdepakken AS, eit selskap som er pådrivar for å få på plass nytt vegsystem i og rundt Førde.

Flæte leia regjeringa sitt klimatilpassingsutval som leverte si innstilling i 2011. I 2013 vart han leiar for eit nytt NOU-utval som skal gå gjennom kommunelova med sikte på å styrke det kommunale sjølvstyret.


KjelderEndra