Fylkesmenn i Sogn og Fjordane
Denne lista over Fylkesmenn i Sogn og Fjordane omfattar også amtmenn i Nordre Bergenhus amt. Fram til 1. januar 1919 vart amt og amtmann brukt i staden for fylke og fylkesmann.
1. januar 2019 vart fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman til Fylkesmannen i Vestland.[1]
Fylkesmannsembetet hadde sete i Leikanger kommune.