Anne Karin Hamre
Anne Karin Hamre (fødd 1965) er ekspedisjonssjef i regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Ho var fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 2011 til 2018. Då Hamre vart utnemnd til fylkesmann var ho den fyrste kvinna i denne stillinga i Sogn og Fjordane og den yngste fylkesmannen i landet. Ho vart også den siste fylkesmannen i Sogn og Fjordane, ettersom embetet vart endra til Fylkesmannen i Vestland frå 2019.[1]
Anne Karin Hamre | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1965 (59 år) Leikanger kommune |
Yrke | statsvitar |
Verv | Fylkesmann i Sogn og Fjordane |
Periode | 2011-2018 |
Føregangar | Oddvar Flæte |
Anne Karin Hamre er frå Leikanger, men er no busett i nabobygda Sogndal. Ho har cand. polit. frå Universitetet i Bergen og hovudfag i administrasjons- og organisasjonsvitskap, sosiologi grunnfag og bedriftsøkonomutdanning frå Handelshøgskulen BI.
Hamre har jobba innanfor ulike medieverksemder (avisa Sogn og Fjordane, Bergens Tidende og NRK Sogn og Fjordane), og ved Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho vart tilsett hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i 1998 og har jobba som rådgjevar, administrasjonssjef og assisterande fylkesmann.
I samband med hundreårsjubileet for kvinneleg stemmerett vart Anne Karin Hamre portrettert i ei kvinneutstilling der dagens kvinnemakt i fylket vart illustrert ved dei tre kvinnene som hadde maktposisjonane fylkesmann, fylkesordførar (Åshild Kjelsnes) og varafylkesordførar (Jenny Følling). Tittelen på utstillinga var Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane.
Kjelder
endre- ↑ «Fylkesmannen i Vestland», fylkesmannen.no, 21.12.2018, henta 25. februar 2019
- Sogn Avis: Hamre blir ekspedisjonssjef Arkivert 2019-02-25 ved Wayback Machine.
- NRK Sogn og Fjordane: Anne Karin Hamre blir ny fylkesmann
- Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.
- NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon: Anne Karin Hamre
- Fylkesmagasinet: Det store kvinnekuppet Arkivert 2016-03-10 ved Wayback Machine.
- Fylkesmannen: Om Fylkesmannen