Opna hovudmenyen

Oddvar J. Majala

norsk politikar

Oddvar Johansen Majala (fødd 9. mars 1932) er ein norsk fiskebåtreiar og politikar frå Måsøy i Finnmark. Han representerte Finnmark og ArbeidarpartietStortinget i tida 1981-89.

Oddvar J. Majala
Fødd 9. mars 1932

Måsøy

Parti Arbeidarpartiet

Majala var son til ein fiskar. Sjølv gjekk han handelsskule i 1949, og tok i 1953 kystskippereksamen. Sidan var han notbas og fiskeskipper, heilt opp til 1980. Frå 1960 eigde han sjølv fiskebåt, som i hovudsak dreiv fiske etter sild og lodde. Han var aktiv fiskebåtreiar til 2002. Gjennom desse fire tiåra var han elles innom forretningsdrift 1970-75, og han var fabrikkeigar 1980-86.

Frå siste halvdelen av 1960-åra hadde Majala ein framskoten plass i fiskerinæringa. Han var styremedlem 1968-76 i Noregs Sildesalslag, 1970-81 i Notfiskarsamskipnaden, og landsstyremedlem 1973-82 i Norges Fiskarlag. Dessutan var han 1977-82 medlem i Utvalet til handsaming av reguleringssaker i fiskeria, 1978-80 i den norske delegasjonen som forhandla med Island om forvaltinga av havområda ved Jan Mayen.

Valbolken 1976-79 var Majala varaordførar i Måsøy kommune, vald for Arbeidarpartiet. Deretter var han ordførar i Måsøy 1980-81. Hausten 1981 vart han vald til stortingsrepresentant frå Finnmark, attvald i 1985. Gjennom åtte år på Stortinget var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Etter han forlet Stortinget i 1989, vart han vald til fylkestingsrepresentant i Finnmark for perioden 1991-95.

KjelderEndra