Opna hovudmenyen

Odveig Klyve (fødd 29. januar 1954)[1] er ein norsk forfattar frå Hardanger.

Odveig Klyve
Nasjonalitet Norsk
Fødd 29. januar 1954 (65 år)
Hardanger
Yrke Forfattar
Periode 1993-
Sjanger Lyrikk, barnelitteratur
Debut Rift

Ho har studert film og sosialarbeid ved Høgskolen i Stavanger, og litteratur og skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho har arbeidd med film i ulike kortfilmproduksjonar, hovudsakleg som manusforfattar og regissør. Klyve står bak diktsamlingar, gjendiktingar, barnebøker, kortfilmar (regi, manus) og to teaterstykke.

Klyve fekk Ordknappen 2007 for Glad i deg.

Innhaldsliste

BøkerEndra

  • Rift 1993
  • Ei dobbel rørsle 1994
  • Papirfly 1995
  • Gravitasjon 1996
  • Basunengelen 1997
  • Samtidig 1999
  • Avstanden 1997
  • Drømmebyggerne 2001
  • Den store tallsjongløren 2002
  • Historien om null 2003
  • Algebraisk 2004
  • Da en møtte to 2004
  • Det andre blikket 2006
  • Sterkest - historien om tre 2006
  • Hemmeleg 2007
  • Glad i deg 2007
  • Ballistisk 2010
  • Lyden av sol 2012

OmsetjingarEndra

  • Granatepla i Kandahar av Sarah Maguire. 2008
  • Aleine med dagane av Fadwa Tuqan, Palestina. 2005
  • Ein annan fødsel av Forugh Farrokhzad, Iran. 2002

ReferansarEndra

  1. «Odveig Klyve (29.01.1954)». forfatterkatalogen.no. Henta 9. februar 2013. 

BakgrunnsstoffEndra