Ohura
Ohura er ein busetnad vest på Nordøya på New Zealand. Han ligg vest for Taumarunui i området som er kjent som King Country, inne i regionen Manawatu-Wanganui. Byen ligg ved breidda av elva Mangaroa-elva, ei sideelv til Ohura-elva som på si side er ei sideelv til Whanganui-elva.
Ohura | ||
---|---|---|
Hovudgata i busetnaden Ohura. | ||
Styresmakter | ||
Land Region Distrikt |
New Zealand Manawatu-Wanganui Ruapehu | |
Geografi | ||
Innbyggjarar[1] - By (2006) - Byområde - Storbyområde |
1095 165 930 [2] | |
Koordinatar | 38°50′S 174°59′E / 38.833°S 174.983°E | |
Tidssone - Ved sommartid |
+12 (UTC+12) +13 (UTC) | |
Plassering | ||
Ohura var senter for kolgruvedrift i regionen, og gruvene var i drift til kring 1965. Saman med drifta av jarnvegen utgjorde gruvene den viktigaste industrien i byen. Landbruk er ein viktig næringsveg i distriktet. Det har også vore på tale å opna somme av dei gamle, tidlegare uøkonomiske kolgruvene i distriktet att.[3]
Ved folketeljinga i 2006 hadde Ohura 165 innbyggjarar, ein nedgang på 57 sidan 2001.[1]
Ein sentral attraksjon i byen er det vesle Ohura Museum som har teke vare på mykje av historia om Ohura og områda omkring.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 QiuckStats about a Place. Statistics New Zealand
- ↑ Frå heimesida til Ruhapehu District Council.
- ↑ «Even the prisoners are leaving». The New Zealand Herald. 30. juli 2004.
- Denne artikkelen bygger på «Ohura» frå Wikipedia på engelsk, den 26. november 2012.