Whanganui-elva er den tredje lengste elvaNew Zealand og ligg i midtre delen på Nordøya.

Whanganui-elva
elv
Land  New Zealand
Region Manawatū-Whanganui
Kart
Whanganui River
39°56′51″S 174°59′13″E / 39.9475°S 174.9869°E / -39.9475; 174.9869
Wikimedia Commons: Whanganui River
Whanganui og sideelver.
Whanganui River.

I mange år var elva kjend som Wanganui River, men namnet vart endra til Whanganui, etter ønskje frå dei lokale iwiane. Delvis var også årsaka at ein ville unngå forveksling med Wanganui-elvaSørøya. Byen Wanganui ved utløpet til elva har halde på det kortare namnet.

Geografi endre

Elva har ein lengde på 290 km. Mykje av landområdet på båe sider i den øvre delen av elva høyrer til Whanganui nasjonalpark, men sjølve elva er ikkje ein del av parken.

Whanganui-elva spring ut frå dei nordlege hellingane til Mount Tongariro, ein av dei tre aktive vulkanane i sentralplatået på Nordøya, og nær Rotoairasjøen. Ho renn mot nordvest før ho bøyer av mot sørvest ved Taumarunui. Herifrå renn ho gjennom det ulendte krattkledde bakkelandskapet i King Country før ho snur mot søraust forbi dei mindre busetnadane Pipiriki og Jerusalem, til ho når kysten ved Wanganui. Whanganui er den lengste seglabare elva på New Zealand. På 1970-talet forureina eit mindre utbrot frå Mount Ruapehu Whanganui River med giftig vatn frå kratersjøen Ruapehu Crater Lake. Utsleppet førte til utstrekt fiskedød nedetter elva, og ålar så store som 8,2 kilo og aure opptil 2,3 kilo vart vaska daude i land langs elvebreiddene.

Tilførsler endre

Namn Lengde (km) km frå utløpet Koordinatar Høgde
Mount Tongariro Utspring 290 km 39°07.91′S 175°37.95′E
Whakapapa-elva 38°55.92′S 175°24.50′E
Kakahi (Bekk) 38°55.94′S 175°22.00′E
Ongarue-elva 38°53.54′S 175°15.27′E
39°02.34′S 175°03.89′E
Retaruke-elva 39°06.65′S 175°03.98′E
Ohura-elva
Mangapurua Stream
Ruatiti-elva? 39°24.30′S 175°2.69′E
Tangarakau River?
Tasmanhavet Elvemunning 0 km 39°56.89′S 174°59.22′E 0 m

Historie endre

 
Kawana mylne frå 1854 (restaurert), i Matahiwi.

Maori-overleveringar forklarar danninga av elva i ei legende om fjellet Mount Taranaki. Då Mount Taranaki forlet det sentrale platået for å gå til kysten, etterlet det seg ei open revne som vart fylt av elva. I māorisk tradisjon vart elva først utforska av Tamatea, ein av leiarane av den opphavlege innvandringa til det nye landet. Han drog oppetter elva og vidare til Tauposjøen. Mange stader langs elva er oppkalla til ære for han.

Whanganuielva har alltid vore ein viktig samferdsleveg til sentrale strok av Nordøya, både for māoriar og nybyggjarar. Ho er ei vanskeleg ferdsleelv med mange strekningar med fossestryk og innsnevringar. Trass i dette, var elva i mange år hovudinnfallsåra til innlandet.

Før europearane kom, var området kring Whanganui eit av dei tettast busette i landet. Ikkje overraskande vart området kring elvemunningen ein viktig handelsstad etter at innvandrarane kom til regionen.

Sjølv om elva alt var vorten ei viktig ferdselsåre innover i landet, var det Alexander Hatrick som la det viktigaste grunnlaget for elva som handels- og samferdselsrute, då han starta den første regulære dampbåtruta i 1892. Ruta gjekk etter kvart til Taumarunui der jarnveg og hestetransport sørgde for samband lenger nordetter. [1] Ein av Hatricks originale båtar, hjulbåten PS Waimarie, har vorte restaurert og går turar i Wanganui.[2] Ein annan av båtane til Hatrick, MV «Wairua» har også vorte restaurert, og er å sjå på elva.

Tidleg i det 20. hundreåret vart Wanganui River, som ho då var kalla, ein av dei største turistattraksjonane i landet. Den røffe venleiken til elva og landskapet, og maoriane sine kaingaer (landsbyar) langs elvebreiddene, drog til seg tusenvis av turistar kvart år.

jarnveglinja North Island Main Trunk var fullført, gjekk behovet for ei dampskipsrute nordover sterkt attende, og den viktigaste økonomiske aktiviteten langs elva vart tømmerdrift. På 1930-talet vart det gjort freistnadar på å opna elvedalen opp til jordbruksområda, men dette vart ikkje vellukka. Ein arv frå denne tida er Bridge to Nowhere (brua til Ingenstad), som vart bygd for å gje tilgang til busetnader som var i ferd med, eller for lengst var fråflytta.

Busetnaden Jerusalem er av særskild interesse, for han var heimen til to kjende newzealenderar: Mor Mary Joseph Aubert, som opna ein katolsk heim for foreldrelause og vanskelegstilte born her i 1885 (han finst her enno), og den newzealandske poeten James K. Baxter, som etablerte eit kollektiv her i 1970.

Landingsstader for elvebåtane endre

 
Ein av mange maori-marae langs Whanganui-elva.

Whanganui-elva var livåra til dei tidlege busetnadane langs elvebreiddene. Elvebåtar gjekk i rute på elva, og også inn i sideelvene Ohura-elva og Ongarue-elva så lenge desse ikkje var tilstoppa med tømmerstokkar etter flaumar.

Det er påstått at Taumarunui var den staden lengst oppe i Whanganui-elva som kunne nåast med elvebåt. Elveløpet vart halde i stand av «Wanganui River Trust Board», som mellom anna bygde kontrollmurar for å leia vasstraumen og gjera elveløpet djupare for trafikken. Likevel hende det at elvebåtar stundom måtte vinsja seg opp dei mest vanskelege stryka.

Landingsstad Busetnad Distanse frå munningen Reisetid opp/ned Koordinatar
Taumarunui Landing Taumarunui
Kirikau Landing Kirikau
Te Maire Landing Te Maire
Otumangu Landing Otumangu
Lacy's Landing
Wades Landing Retaruke Valley 39°6.65′S 175°3.98′E
Maungaparua Landing Maungaparua Valley
Tangahoe Landing Tangahoe
Mangatiti Landing Mangatiti
Parinui Landing Parinui
Ramanui Landing Ramanui
Pipiriki landing Pipiriki
Lower Pipiriki landing Pipiriki
Hipango Park Landing ?
Up-river Landing
Wanganui Wharves Wanganui

Taonga og maori-krav på land endre

Elva er av spesiell andeleg interesse for maoriane, som også omtalar henne som Te awa tupua. Ho var heimstaden til ei rekkje maorilandsbyar i før-europeisk tid, og vert rekna som taonga, ein særs verdfull skatt. I seinare er det gjort freistnader på å tryggja elva, og gje henne den respekten ho fortener.

Av same årsak har elva vore eit av dei mest omstridde områda i landet når det gjeld krav om tilbakeføring av stammeland sette fram for Waitangitribunalet. Juridiske krav som gjeld område ved Whanganui River har vore av dei lengstvarande i newzealandsk rettshistorie,[3] med appellar og rettssaker i 1930-åra, høyringar i 1990-åra og okkupasjon av landområde, slik som den pågåande i Tieke Marae som har stått på sidan 1993, og den mykje omtala okkupasjonen av Moutoa Gardens i 1995.

Bruk endre

Rekreasjon endre

 
Kajakkpadling er ein populær sport i elva.

Vassmengda i elva har endra seg etter at tilførsleelver vart dirigerte inn i Tauposjøen. Dette har mellom anna bidrege til at fleire tidlegare tiders elvebåtkonkurransar er blitt nedlagde (sjå nedanfor).

Attraksjonar endre

  • Whanganui National Park
  • Fotturruta Whanganui Journey er administrert av Miljødepartementet under programmet Great Walks.
  • Fotturar (nord/sør- og aust/vestruter, kryssar Whanganui River)
    • Te Araroa Trail[4] - Turruta langs New Zealand og Whanganui.
    • East Cape til Cape Egmont traversen East Cape to Cape Egmont - 80 days traverse of the North Island, 1997. Forfattar: Raymond Salisbury. Utgjevar: Word for Word Publishing
    • Matemateaonga Tramping Trail (og andre)
  • Kanoturar - mengder av historiske og andre stader å vitja.
  • Årleg flåtekappløp, frå Piriaka til Taumarunui - Sist skipa til i 1970-åra.
  • Årleg Jet Boat-race, Taumarunui til Wangaunui - Sist skipa til i 1980-åra.

Bruer endre

Sjølv om elva er den lengst seglbare på New Zealand, har Whanganui forbausande få vegbruer. Berre to finst på den 290 kilometer lange strekninga mellom Wanganui og Taumarunui.

  • SH 47 Bridge nær Tongariro National Park
  • Taumarunui (x4) (medrekna Victory Bridge)
  • New Te Maire Bridge (1954)
  • Jerusalem, svingbru (ikkje lenger i bruk).
  • Wanganui (x3 - Dublin Street Bridge, City Bridge og Cobham Bridge)

Den mest «berykta» brua over Whanganui skulle byggjast nær Bridge to Nowhere og skulle ha bunde saman busetnadane Raetihi med Taranaki via Mangaparua. Det viste seg at framlegget om bygging var ein vallovnad, og at det ikkje vart noko av bygginga etter valet.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Elvebåtar ved Pipiriki Landing, arkivert frå originalen 8. oktober 2007, henta 27. april 2008 
  2. Harper, Mudd, Whitfield & Hall The Rough Guide to New Zealand (2006) ISBN 1-84353-679-X side 309
  3. Te Ara Encyclopedia of New Zealand
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 28. september 2007, henta 27. april 2008 

Bakgrunnsstoff endre