Ola Geilo

Ola Tolleivsson Geilo (1848–ca. 1930) var ein bonde og turistutviklar i Ustedalen øvst i Hol kommune.

Ola Geilo
Fødd 1848
Ustedalen
Død

1930 (82 år)

Yrke bonde

Ola vart fødd på garden Geilo i Ustedalen, men reiste tidleg ut, og dreiv som handelskar i om lag tolv år. Han handla mellom anna i Hardanger. Han var rekna som ein god forretningsmann. Han kjøpte farsgarden Nødre Geilo i 1880, og dreiv bruket frå då av. Han var gift med Jørand Ringøyo frå Hardanger. Då Jørand døydde, vart han gift oppatt med Birgit Uthus frå Ustedalen.

Ola var framsynt med tanke på den veksande turismen i dalen. Han såg det økonomiske potensialet i dei farande, og oppretta snart hotell på eigen grunn. Geilo Hotell er framleis i drift. Denne drifta gav Ola Geilo ein solid inntekt.

Bergensbanen vart påbyrja om lag 1895, gjekk Ola og andre bønder i Ustedalen saman om å få lagt banen gjennom Ustedalen. Ola sytte og for at jernbanestasjonen i Ustedalen vart lagt nær hans eige hotell, og på hans eigen grunn. Soleis vart Geilo stasjon tufta på jorda til garden med same namn.

Ola Geilo sat i mange år i heradsstyret i Hol, og slik fekk han gjennom fleire av sakene sine. Han selte hotellet i 1911 og gjekk med pensjon som ein halden mann.