Ola Gjengedal

norsk politikar

Ola Johan Gjengedal (14. februar 190015. mai 1992) var ein norsk lærar, stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal og for Kristeleg Folkeparti i periodane 1950-51 og 1965-69.

Ola Gjengedal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. februar 1900
Hyen
Død

15. mai 1992 (92 år)
Ørsta kommune

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Kristeleg Folkeparti

Gjengedal var husmannsson frå bygda Hyen i Gloppen. Han flytta til Sunnmøre og tok i 1922 eksamen ved Volda lærarhøgskule. Der etter var han lærar i Ørsta frå 1922 til 1948, med unnatak for 1927/28 då han var elev ved Noregs Lærarhøgskole, og skuleåret 1932/22 då han skulte i Haram. Frå 1948 var han skuleinspektør i Herøy til han formelt gjekk av i 1969.

Åra 1936-39 var han medlem i Ørsta heradsstyre og i 1945-47 i formannskapet. Frå 1945 var han ein sentral person i Kristeleg Folkeparti i Møre og Romsdal, både som fylkesformann til 1956 og vararepresentant til Stortinget. Han møtte på Tinget heile 1950-sesjonen og i januar og februar 1951 i staden for Einar Hareide. Perioden 1965 til -69 møtte han sjølv på Stortinget som fast representant frå Møre og Romsdal. Heile perioden var han medlem i Militærkomiteen/Forsvarskomiteen.

Etter han runda 70 år var Gjengedal aktiv periodevis ferdatalar for Sunnmøre Indremisjon, Norsk Luthersk Misjonssamband, Santalmisjonen og Den Norske Israelsmisjonen i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Kjelder endre