Ola Grihamar

Ola Grihamar (19101978) var ein spelemann frå Vang i Valdres.

Ola Grihamar
Fødd 1910
Død

1978 (68 år)

Yrke musikar

Ola tok ved fela då han var om lag 13 år gamal. Det var stor givnad i slekta, og to av brørne hans spela og fele. Spel fekk han hjå Lars Svien og Andris Skogstad mellom andre, men og hjå Ivar Ringestad i Vestre Slidre, og Johan Henrik Kvam, son av spelemannen Trond Eltun. Seinare var han og hjå Olav Moe.

Frå Vang er det stutt veg over til Lærdal, og Ola reiste ofte over fjellet og møtte spelemenn der. Han var og saman med spelemenn på Voss.

Ola Grihamar sat inne med ei særmerkt grein av valdresspelet. Slåttane som var nytta i Vang fanst ikkje ofte andre stader, og formene skilde seg frå dei lengre ned i Valdres. Han spela inn for NRK fleire vender, og det vart og gjort opptak med han til Norsk Folkemusikksamling. Han laga og feler sjølv, og handla feler.

Ola Grihamar var med og skipa Valdreskvelven spel og dansarlag i 1962, eit lag som framleis held det gåande i Vang. Han var ikkje mykje med på kappleik, men kom opp i A-klassa på Landskappleiken i 1957. Han var elles mykje nytta som kappleiksdommar.

Elles var Ola ei drivande kraft bak restaureringa av Øye Stavkyrkje, og var med på nybygginga av Tomaskyrkja på Filefjell. Han sat som formann i soknerådet i fleire vender.