Øye stavkyrkje

gammal bygning for religiøs aktivitet i Vang kommune
(Omdirigert frå Øye Stavkyrkje)

Øye stavkyrkje er ei gjenreist stavkyrkje i Vang kommune i Innlandet.

Øye stavkyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Vang
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Valdres
Sokn Øye
Fellesråd Vang
Periode mellomalderen
Arkitekt Ole Øvergaard
Teknikk stavverk
Material tre
Innvigd Ca. 1200 /
1. august 1965
 - Endringar Riven 1747
Oppattbygd 1950-talet
Døypefont I tre, ca. 1300
Kart
Øye stavkyrkje
61°10′04″N 8°23′59″E / 61.16778°N 8.39972°E / 61.16778; 8.39972
Wikimedia Commons: Øye stavkirke

Kyrkja er nemnt første gong i 1347[1], men blir gjerne datert til ca. 1200. Dateringa til 1200 byggjer på Roar Hauglid si stilhistorisk datering av vangeportalen. Ho blei opphavleg riven i 1747, men gjenreist på 1950-talet. Den gjenreiste kyrkja står ikkje på den opphavlege tufta si, men blei gjenreist på ei ny tomt. Kyrkja er eigd av soknet og blir brukt til kyrkjelege handlingar nokon gonger i året.

Historie endre

 
Øye stavkyrkje i vinterdrakt.
Foto: Arne Kvernhusvik

I 1747 blei stavkyrkja, som då stod på ei tuft nede ved Vangsmjøsi, riven då det blei bygd ny kyrkje i soknet. Kva som skjedde med den gamle kyrkja blei gløymt. fram til grunnmuren under den nye kyrkja skulle utbetrast i 1935. Under golvet på den nye kyrkja fann ein restane av stavkyrkja, der totalt 156 av delane var bevart.

Etter stor dugnadsinnsats frå folket i soknet og Riksantikvaren blei stavkyrkja reist på ny og vigsla av biskop Alex Johnson, 1. august 1965. Den nyreiste kyrkja står no noko høgare oppe enn ho opphavleg gjorde, på nedsida av hovudvegen. Portalane som står i kyrkja no er rekonstruksjonar. Originalane er i Kulturhistorisk museum i Oslo, saman med eit antemansale til det gamle alteret.[2]

Arkitekt Ole Øvergaard teikna i 1950 eit rekonstruksjonsframlegg for kyrkja, som for ein stor del blei gjenreist av dei gjenfunne materialane frå 1935 og kopierte materialar. For å sikra at alle delane kom på rett plass, blei kyrkja først prøvereist i 1953. Dei viste seg å passa overraskande bra saman. Rekonstruksjonen av kyrkja inneheld også ein del materialar som blei til overs etter restaureringa av Heddal stavkyrkje i 1952. Så blei manglande delar gjort klare, før kyrkja blei reist på nytt.

Kyrkjebygginga endre

Grunnplanen for kyrkja er ei overgangsform mellom dei einskipa stavkyrkjene og stavkyrkjene med heva midtrom. Ho har fire frittståande stolpar, som ber eit tak over kyrkjeskipet. To ekstra hjørnestolpar ber taket til koret. Kyrkja har ikkje forhøga midtrom.

Inne i kyrkja står fire stavar, tilsynelatande utan nokon funksjon. Teikn tyder på at dei har bore eit tårn, omtrent som stavkyrkja i Uvdal, men i staden for ei sentral midtmast har ho hatt fire.

Runeinnskrifter endre

Oldsaksamlinga i Oslo fekk i 1866 inn ein gravstein med runeinnskrift frå Øye kyrkje, der han hadde lege framfor kortrappa. Truleg kom han frå den gamle stavkyrkja, eller kyrkjegarden. Innskrifta er lesen som (på normert norrønt): Hér hvílir Þóra, móðir Eiríks prests. Pater noster. Dette kan omsetjast til nynorsk: "Her kviler Tora, mor til Eirik prest. Pater noster." Meininga med sluttorda har vore å oppmoda lesaren til å be eit pater noster for den døde. Innskrifta kjem truleg frå 1300-talet.[3] Magnus Olsen fann i 1938 òg tre korte runeinnskrifter i tømmermaterialet frå den gamle stavkyrkja, som nettopp var gjenoppdaga.[4]

Segn endre

Det blir fortald at noko av grunnen til at kyrkja blei flytta frå den opphavlege staden sin nede på Øyeflaten var at det var så myrlendt der at kistene flaut opp om våren når det var flaum i fjorden.

Det vara så råske der nere at dei lyte begrava dei daude fleire gonga før dei fløyte uppat i flaumen kor vår.

Kjelder endre

  1. Leif Anker 2005, side 290
  2. Norske stavkirker - En guide til de 29 bevarte norske stavkirkene (ARFO, 2010), s. 126
  3. Magnus Olsen, Norges innskrifter med de yngre runer, første bind (Oslo, 1941), s. 222-223
  4. Magnus Olsen, Norges innskrifter med de yngre runer, første bind (Oslo, 1941), s. 224-225

Bakgrunnsstoff endre