Olav Moe

norsk politikar

Olav Moe, fødd 23. juli 1872 og daud 11. august 1967, var ein kjend spelemann, bladstyrar og bygdepolitikar frå Vestre Slidre.

Olav Moe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. juli 1872
Vestre Slidre kommune
Død

11. august 1967 (95 år)

Yrke politikar
Politisk parti Arbeiderdemokratene
Medlem av Fedrelandslaget

Olav var son av Mikjel Olson Moe og Marit Pedersdotter Neste. Faren Mikjel var og spelemann, og Olav fekk dei første slåttane i heimemiljøet. Mora Marit døydde då Olav var seks år gamal, og han kom til å vekse opp på øvre Neste i vestre Slidre.

Med tida vart Olav godt kjend med tradisjonen etter Jørn Hilme, og førte mykje hilmespel vidare. Han var i lære hjå Jørn Røn, son av spelemannen Knut Ringestad. Elles fekk Olav spel av Ola Hamre, Ivar Ringestad, Ulrik Jensestogun og Ola Haugset.

Då Olav Moe var 25, i 1897, var han på kappleik i Bergen og tevla der oppatt i åra etter. Her møtte han mellom anna Torkjell Haugerud frå Seljord, Kjetil Flatin, Ola Mosafinn, Magnus Dagestad og Sjur Helgeland. I møte med desse, fekk Olav hug til å byggje ut spelet sitt. I Bergen råka han og på Edvard Grieg, som sa til han:

"Du må fara kring og læra alt du kan av desse slåttane og halde dei ved like reint og ekte, for dei må vera grunnlaget for all framtids tonedikting i Noreg".

Så Olav Moe tok til med slåttesamling, som andre spelemenn i tida, og byrja med konsertturnear. Kring 1904 var Olav Moe og på repetisjonsøving, og råka på komponisten Johannes Hanssen. Då Olav Moe spela Hallingen Rotneims-Knut, vart dette kimen til Valdresmarsjen.

I 1906 reiste Olav på spelferd til USA, og kom saman med Hans Fykerud, Gunnleik Smedal, Olav Napper og Eivind Aakhus. Han spela på den amerikanske austkysten, og i det norskamerikanske midtvesten. Elles reiste Olav til Danmark og spela der.

Frå 1908 var Olav og huslyden hans bufast i Aurdal, og her budde han livet ut.

Elles var Olav Moe med på å få i gang lokalavisa Valdresen, og sat som bladstyrar fram til 1925. Han var ein framifrå folketalar, og såg seg sjølv i tradisjon etter Bjørnstjerne Bjørnson. Han leia Oppland Landbruksselskap i mange år, og var med på å få lagt Valdres Jordbruksskule til Leira.

Ei tid sat Olav Moe på Stortinget som varamann for Det radikale folkepartiet, og var og med i fedrelandslaget.

Olav heldt seg frisk og før langt opp i åra, og levde til han vart 95 år. Han var såleis til stades og helsa det andre Jørn Hilme-stemnet i 1961.