Ola Langset

norsk politikar

Ola Langset (24. februar 192031. juli 1991) var ein norsk politikar og lærar i Molde. I perioden frå 1973 til 1977 representerte han Sosialistisk Valforbund i Møre og RomsdalStortinget. Ola Langset var son av lærer, forfattar, folkeminnesamlar og statsstipendiat Edvard Langset.[1]

Ola Langset
Fødd24. februar 1920
Straumsnes kommune
Død31. juli 1991 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Langset var fødd på Straumsnes i Tingvoll. Etter å ha gått to år på Nordmøre fylkesskule frå 1936 til 1938, tok Ola Langset fireårig lærarskuleutdanning i Levanger. Då han var ferdig i 1942, fekk han jobb som privatlærar og kontorist på Spillembruket i Namdal. Sidan tok han utdanning innan gymnastikk og Staten sin sløyd- og tegnelærerskole. Han var lærar på Ona-Husøy skule frå 1945 til 1949, då han fekk jobb som lærer i folkeskolen i Molde. Eit par år var han òg lærer på Nordmøre Folkehøgskule. Han avslutta lærargjerninga si som rektor ved Langmyra skole i Molde frå 1982 til 1987.[1] Ola Langset var medlem av Molde bystyre frå 1955 til 1959 for Arbeidarpartiet. Etter ein pause kom han tilbake til bystyret som representant for Sosialistisk Folkeparti frå 1963 til han i 1973 vart vald inn på Stortinget, der han var medlem av Sosialkomiteen. Forutan dei politiske engasjementa sitt var Ola Langset i aktiv i idrettsarbeid og avholdsarbeid. Han var òg formann i Romsdal Mållag og Molde Hagelag.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Langset, Ola». stortinget.no. Henta 24. juli 2010. 

Bakgrunnsstoff endre