Ola og Kari Nordmann
- Sjå òg Ola Nordmann av Plumbo.
Ola og Kari Nordmann eller berre Ola og Kari er eit omgrep som ofte blir bruka som ei personifisering av vanlege nordmenn.[1] Det blir mykje brukt i media, til dømes i snakk om folket som heilskap,[2] om typiske eller gjennomsnittlege nordmenn.[3] Namna er også brukt som døme i utfylling av skjema, lik Nomen nescio, NN.
Opphav
endreI 1844 gav Henrik Wergeland ut boka Skåltaler, 474 samlede og utgivene av Ola Nordmann. I 1915 blei namnet brukt for å skildra den vanlege nordmannen og i 1926 for å omtala nordmenn.[4] Seinare la ein til ei Kari Nordmann. Namna Ola og Kari har lenge vore mykje brukte i Noreg, og har nordisk opphav.
Ola Dunk er eit avleidd namn brukt om ein typisk nordmann med dårlege eigenskapar.
Tilsvarande namn i andre land
endreI Sverige er Medelsvensson brukt om den typiske svensken, i Danmark Herr Sørensen og i Tyskland Otto Normalverbraker.[4]
I USA er John og Jane Doe eller Average Joe brukt på same måte.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ola Nordmann» frå Wikipedia på bokmål, den 17. mai 2011.
- Fotnotar
- ↑ «Ola_nordmann» i Nynorskordboka.
- ↑ Kristin Kværnsveen, Ola og Kari Nordmann er rundlurt[daud lenkje], naturvernforbundet.no, 10.12.2010
- ↑ Dette er Kari og Ola ved Statistisk Sentralbyrå, "Kari og Ola Nordmann" feirer jul hjemme Arkivert 2015-04-02 ved Wayback Machine., boarding.no, 26.12.08; Tom M. Hansen, Ola og Kari Nordmann er kaffe-kresne Arkivert 2010-12-19 ved Wayback Machine., massiv.no; Dag-Jørgen Saltnes Ola og Kari satser på eiendom[daud lenkje], 27. august 2007
- ↑ 4,0 4,1 Hvem er Ola Nordmann?, NRK.no, 01.07.2002