Kari

kjønnsnøytralt fornavn
For det islandske og færøyske mannsnamnet Kári, sjå Kåre.

Kari er eit personnamn som kan brukast av kvinner og menn. I Noreg og fleire andre stader i Norden er namnet mest brukt som eit kvinnenamn, som ei form av namnet Katarina. I Finland er namnet eit mannsnamn, avleia av det greske namnet Makarios. Det finske og det norske Kari har ulik uttale, det norske med lang /a:/, og det finske med kort /a/ og kort /r/, slik at namna er homografe snarare enn homonyme.

Kari Traa, norsk skigåar.
Kari Arkivuo, finsk fotballspelar.

Namnet har vore mykje brukt på heile 1900-talet, med ein stor topp rundt 1940 då bortimot 3 % av alle jenter blei døypte Kari. Det er blitt eit namn for å snakka om den typiske norske kvinna, som i uttrykket «Ola og Kari Nordmann».

I fylgje Statistisk sentralbyrå vardet ved byrjinga av 2005 61 menn i Noreg som hadde Kari som fyrste førenamn. Samstundes var det 29 357 kvinner som hadde Kari som fyrste førenamn.

Kjende namneberarar

endre

Som kvinnenamn

endre

Som mannsnamn

endre

Bakgrunnsstoff

endre