Opna hovudmenyen

Olaf Hoffsbakken (2. september 190823. november 1986) var ein norsk skirennar frå Snertingdal i Oppland. Han deltok både i langrenn og kombinert. Hoffsbakken vart verdsmeister i kombinert i 1938, og tok elles to VM-medaljar og to OL-medaljar i høvesvis 1935 og 1936. Han var medlem av Snertingdal IF og seinare Gjøvik Skiklubb. «Det som særpreget han i løypa var hans smidige løpesett og en glimrende teknikk i utforkjøringer.»[1]

Olaf Hoffsbakken
Olaf Hoffsbakken 1936.jpg
Fødd 2. september 1908
Noreg
Død

23. november 1986
Gjøvik

Yrke langrennsløpar, kombinertløpar
Olaf Hoffsbakken på Commons

AktivEndra

Hoffsbakken fekk sin internasjonale meisterskapsdebut under ski-VM 1934 i Sollefteå, der han vart nummer seks i kombinert. Året etter tok han bronsemedaljen på 18 km under ski-VM i Vysoké Tatry, der han også gjekk på det norske stafettlaget i langrenn, eit lag som hamna på sølvplass. Elles i 1935 vann han Birkebeinerrennet, ein prestasjon han gjentok i 1938.

Under vinterleikane i Garmisch-Partenkirchen i 1936 fekk Hoffsbakken to sølvmedaljar, i høvesvis kombinert, og, som året i førevegen, på 4x10 km stafett. Seinare i 1936 vann han kombinertrennet i Holmenkollen. I 1937 vann Hoffsbakken NM-gull både i 18 km langrenn og i kombinert. Han vart det året tildelt Holmenkollmedaljen, saman med Birger Ruud og Martin P. Vangli.

I 1938 vart Hoffsbakken verdsmeister i kombinert. Året etter sigra han i kombinerttevlinga i Holmenkollen. Hoffsbakken deltok i skisporet også etter 2. verdskrigen, då han nærma seg 40 år. I 1946 kom han på femteplass i kombinert i Holmenkollen og året etter, 39 år gammal, vart han nummer sju i kombinert under NM, ei tevling som vart vunne av ein ny kombintertkonge, Simon Slåttvik.

NæringEndra

Også i yrkeslivet dreiv Hoffsbakken med ski. Frå 1935 til -38 arbeidde han ved Madshus skifabrikk, men då fabrikken vart flytta til Lillehammer gjekk Hoffsbakken i 1938 lag med andre og grunnla Gjøvik skifabrikk. Han vart buande på Gjøvik til han døydde.

Kjelder og notarEndra

  • Magnus Breili:Sport i navn & tall, 1971
  1. Sport i navn & tall:275