Olai Pedersen Wiig

norsk gardbrukar og politikar

Olai Pedersen Wiig (10. oktober 180229. september 1887) var ein bonde og stortingsmann frå Trøgstad i Østfold.

Olai Pedersen Wiig

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. oktober 1802
Trøgstad kommune
Død

29. september 1887 (84 år)
Trøgstad kommune

Yrke bonde, politikar
Språk norsk
Olai Pedersen Wiig på Commons

Far til Wiig, Peder Wiig, var eit mekanisk geni som konstruerte mange oppfinningar og som til sist busette seg i København. Sjølv vart Olai i 1831 gardbrukar på Stikla i Båstad sokn i Trøgstad. Til liks med faren var han oppteken av mekaniske studiar. På garden sin hadde han mylne, sagbruk og teglverk. I 1868 bygde han ei lita papirmylne, som han flytta til Bønsdalen i Eidsvoll like før han døydde.

Wiig var i årevis medlem av heradsstyret i Trøgstad, ordførar 1844-47.

Wiig representerte Smaalenenes amtStortinget ei rekke gonger mellom 1845 og 1879. På dei fyrste tingsamlingane, 1845, 1851 og -54, var han medlem av protokollkomiteen. Også i 1857, 1859-60, 1862-63 var han medlem av nemnde komite, i tillegg var han 1857 medlem av komiteen om fengselslova, 1859-60 av komiteen om statthaldarsaka og 1862-63 i komiteen om skogslova og om matrikkellova. Dessutan var han medlem av valkomiteen på omframstortinget 1858 og på alle stortinga frå 1859 til 1869. I 1864 var han medlem av komiteen om den dansk-tyske krigen og i 1865-66 komiteen om hjelpekyrkje i Trondheim. Både i 1865-66 og 1868-69 var han medlem av tollkomiteen. I dei to siste stortingsperiodane, 1874-76 og 1877-79 var han medlem av Lagtinget, valkomiteen og vegkomiteen. Han var 17. mai 1864 medlem av Stortinget sin deputasjon til Eidsvoll.

Wiig døydde på garden sin i Båstad i 1887.

Kjelder endre