Opna hovudmenyen

Olav Hovdejord eller Olav Tinne (16801765) var ein kjend norsk bygdehovding og bondeførar frå Heddal i Telemark. Han er knytt til ein kjend slått, «Tinnemannen», og opphav til ei historisk segn.

Olav Hovdejord
Fødd 1680
Død

1765

SegnaEndra

Segna fortel at far hans Olav kom frå Gudbrandsdalen, og for over Meheia til Heddal. Her slo han seg til på garden Sem, ein av dei største i dalen. Han var tømrar, og tilhøva førte til at han vart buande på Sem, og vart gift med enkja der, den rikaste kvinna i bygda.

Olav var til eksersis, er det fortald, og det var her at kapteinen Elias Nægler hogg av han handa. Grunnen var av Olav sette seg opp mot offiserane, og tok dei andre bondegutane i forsvar mot urettvis handsaming frå kapteinane. Dette var under den store nordiske krigen, og danskekongen var i naud for folk. Difor trong han dei norske bondesoldatane. Mange sette seg opp mot dette, mellom dei Olav Hovdejord. Det at han mista handa, var eit hemnslag frå kapteinen, og offiseren kasta handa etter han med orda: Der, tak med deg labben din, Olav Tinne.

Olav sprang inn i ei smie og sette armstumpen inn i varmen for å stemme blodet. For å døyve tralla han på slåtten som seinare var kalla Tinnemannen. Då han kom heim, gjorde han seg to hender, ei av sølv, og ei av blikk. Sølvhanda nytta han til fest og høgtid.

Kapteinen som hogg, sende bod til kongen med ei urettvis framstilling av saka, for å verte Olav kvitt. Difor laut Olav reise til Købehavn for å legge fram saka si der. På denne tida var Olav komen til odel og rikdom, og hadde sakda råd til dette. Segna fortel korleis Olav bar fram saka for kongen, og han ordla seg godt. Han sa at bøndene nok ville ofre livet for land og konge, men dei kunne ikkje finne seg i at embetsstanden for slik fram mot dei som dei gjorde, av di dei rekna med at kongen ikkje ville få den rette samanhengen på bordet. Olav synte så fram armstumpen sin, og bad om at kapteinen skulle visast bort frå Noreg for all framtid. Dette vart teke til følgje av kongen, på den tid Fredrik IV.

Segna fortel at denne ferda gjorde mykje for å bøte på den uretten telemarkingane kjende seg arge for. Hadde ikkje dette forliket kome, ville det visst vorte oppstand i heile Telemark.

Etter han kom heim vart Olav gift med Tone Sveinungsdotter Hove, og i 1727 stod han som eigar av Heddal stavkyrkje. Seinare vart han og lensmann, og var kjend som Olav Sem. Då han vart gamal, var han allment kjend som Tinnemannen. Han lika godt å danse til den slåtten som fekk namn etter han.

BakgrunnEndra

Dette er ei personalhistorisk segn, og hendingane er vel dokumenterte. Forteljinga vart nemnd alt i 1782, i Løvenskiolds Beskrivelse av Bratsbergs Amt.

Hendinga med eksersisen er tidfest til om lag 1720, og lemlestinga skulle ha hend i 1722. Bakgrunnen er eit bondeopplaup som fann stad mot slutten av Den store nordiske krigen, og bøndene var førte av Olav Hovdejord. I røynda kom aldri Olav så langt som til sjølve kongen, sjølv om han freista lenge på det. Tradisjonen tek parti for Olav. Men det er kjend at kongen greip inn sjølv og fekk kaptein Nægler forflytta.

Olav Hovdejord var utan tvil ein dugande mann, og etter det dei offisielle papira fortel, er framstillinga av han i segna heilt rettkomen. Segna gjev eit bilete av miljøoppfattinga av ein strid av prisippiell karakter som gjekk om rettane til bøndene andsynes framande militære leiarar i bygdesamfunnet. (Bøe: Norske segner).

Stoda mellom Olav Hovdejord og soldatane minner noko om den samtidige striden mellom Elling Nilsson Villand og styresmaktene i Hovet, Hallingdal, under opprøret der i 1713. Det er og noko samanfallande drag med lagnaden til Torkjell Olsson Villand, lensmannen i Ål.