Elling Nilsson Villand

Elling Nilsson Villand, daud i 1720, var ein av dei førande bøndene i øvre Hallingdal tidleg på 1700-talet. Han var leiar for oppstanden i Hovet i 1713.

Elling Nilsson Villand
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. hundreåret
Død

1720

Liv og ætt endre

Elling var son av Nils Olsson Villand. Nils hadde nærpå sytt for at garden søre Villand hadde gått utor ætta, men Elling fekk kjøpt heile bruket attende over nokre år. Han byrja i 1686 med fire lobbøl, og hadde fått samla alt i 1699.

Elling gifta seg med Åse Sveinsdotter Brattåker frå Hol. Dei hadde tre døtrar saman, Ragnhild Ellingsdotter Villand, som vart gift med Blank-Ola, og så Margit og Siri.

Politisk virke endre

Den store nordiske krigen førte mange ekstra skattar over bygdefolket i Noreg. Attåt skattlegginga vart bøndene tvinga til å huse dragonar frå den ståande hæren, noko som vart ei ekstra utgift for mange. I 1713 førte dette til bondereising, som tok til i Hovet, og spreidde seg nedetter til Ål. Grunngjevinga for oppstanden var den såkalla «dagskatten» frå 1712, som bøndene nekta å betala. Leiaren for oppstanden var Elling Villand, og han fekk støtte av bonden Olav Hovdegard frå Ål. Tidleg på året 1713 vart det nedsett ein kommisjon for å granske saka. Utover hausten var det framleis lite innkome av dagskatten, og soldatar vart sende til gardane for å krevja han inn. Då dei kom til Villand, svara Elling at han ikkje kjende til denne skatten, og nekta å betala dagskatt. Svaret Elling gav, er skrive ned:

Vi troer iche Kongen ved af dem, men de Sysselherrerne her hiemme har det i mellem sig. Ieg har noch penge og kand betalle siger hand... men Fanden smætte i mig...Ieg troer iche een schall betalle 1 skilling her i bøygden.

Soldatane heldt fram frå gard til gard og fekk det same svaret. Då vart dei vare at bøndene hadde samla seg mot dei, og Elling førte dei. Skatten vart nekta betalt på same vis i Holet og i Ål. Men dei som hadde vore med på dette, vart tekne og sette på Akershus festning hausten 1714. Elling vart peikt ut som hovudmann, og laut gjera straffarbeid på festninga i to år. Ola Hovdegard fekk tre. Det synte seg i høyringa at Elling hadde fare med agitasjon mellom bøndene, og samla dei til motstand. I oktober 1714 vart straffa mildna til seks månader, og Elling slapp ut i desember same året. Han sat i 219 dagar. Men domen kravde at alt han åtte skulle overdragast til kongen, bo og middel. Dette vart av ein eller annan grunn ikkje panta ut, og Elling sat på Villand til han døydde.

Kjelder endre