Opna hovudmenyen

Olav Lofthus (8. oktober 184710. august 1894) var ein norsk målmann og redaktør.

Olav Lofthus
Fødd 8. oktober 1847
Ullensvang
Død

10. august 1894

Yrke redaktør

Lofthus vart fødd i Ullensvang i 1847. Han vart uteksaminert frå lærarskulen på Stord. Lofthus skaffa seg i tillegg store kunnskapar ved sjølvstudium. Han arbeidde for folkeopplysning i bygdene m.a. gjennom folkehøgskulen. Han dreiv folkehøgskule i Vikøy saman med presten Unger, og seinare på Halsnøy saman med Wollert Konow (SB) og Niels Juel. Frå 1870 skreiv han i Bergens Tidende, to år seinare vart han medredaktør i avisa. Han beheldt denne stillinga til han døydde.

Lofthus var venstremann og ein av stiftarane av Bergens venstreforening. Han var også med i Vestmannalaget. Som høvesdiktar vart han mykje nytta. Posthumt kom i 1894 samlinga Sange og Digte, utgjeven av Bolette C. Pavels Larsen.

Olav Lofthus, som døydde i Bergen, var far til målaren Arne Lofthus.

Sjå ogsåEndra