Olav Totland

norsk politikar

Olav Totland (11. september 190426. juli 1996) var ein norsk prest og politikar frå Bergen. Han representerte Bergen og ArbeidarpartietStortinget frå 1967 til 1973.

Olav Totland
Fødd11. september 1904
Bergen
Død26. juli 1996 (91 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, sokneprest
Alle verv

Arbeidarsonen Totland tok eksamen frå handelsgymnas i 1922. Dei neste seks åra arbeidde han på kontor. Der etter studerte han teologi, ferdig utdanna cand.theol. i 1934. I delar av studietida var han klokkar i St. Olav kyrkje i Bergen. Perioden 1934-40 var han sekretær i Bjørgvin bispedømme og hjelpeprest i St. Olav. Etter å ha vore hjelpeprest 1940-48 i Årstad kyrkje, røkta han sokneprest-stillinga i Bruvik i Hordaland i tida fram til 1958. Frå 1959 var han sokneprest i Nykirken i Bergen til han gjekk av i 1970.

Gjennom tre valperiodar; 1960-63, 1964-67 og 1968-71, var Totland bystyremedlem i Bergen. Frå 1965 var han 1. varamann til Stortinget frå Bergen, så då Nils Langhelle døydde i 1967 rykte Totland inn på Tinget med fast plass frå sist i august. Hausten 1969 vart han attvald og representerte Arbeidarpartiet ut perioden 1969-73. Alle seks åra på Stortinget hadde han sete i Justiskomiteen.

Totland var med i hovudstyret til Kristne Arbeideres Forbund frå 1961, formann 1969-72. Han engasjerte seg òg i Blå Kors, både som medlem i Hordaland krinsstyre, og i styret for sosialbygg og tilsynsheimar. Frå 1971 til 1987 var han medlem i det statleg oppnemnde Ekteskapslovutvalet.

Kjelder endre