Olavsklosteret i Tønsberg

Olavsklosteret i Tønsberg vart grunnlagt på siste del av 1100-talet og tilhøyrde premonstratensarane, ein opphavleg fransk klosterorden.

Ruin av Olavskyrkja i Tønsberg.

Historie endre

Klosteret, som var vigd til St. Olav, er grunnlagt i året 1191, eller kort tid før. Olavsklosteret i Tønsberg høyrde til dei mektigaste institusjonane i byen i mellomalderen. I 1532, fire år før reformasjonen vart innført, vart klostret eiget til kongen, og Frederik I gav det til Erik Ugerup. Ein bybrann øydela bygningane til klosteret i 1536. Dei store jordegodsa til klosteret vart seinare kjernen i den adelege eigedomen Jarlsberg hovudgard.

Bygningane endre

Kyrkja til Olavsklosteret, som vert omtalt som Olavskyrkja, var svært spesiell. Det var ei rundkyrkje, den einaste i Noreg, og den største i Norden. Det er antyda eit mogleg samband mellom forma til kyrkja og Olavskulten, som var oppteke av skrinet til helgenen i oktogonen i Nidarosdomen. Denne kyrkja er første gong omtalt i 1207, då baglarkongen Erling Steinvegg vart gravlagt der.[1]

Kyrkjeskipet målte ca. 23 meter i diameter. Kyrkja vart avslutta mot aust med endå eit rundt rom. Kyrkja hadde portalar mot nord, vest og sør.

Kyrkjeruinane er undersøkt ved arkeologiske utgravingar i 1877, 1929, 1963-67 and 1969-71.

Ruinar av klosterbygningane kan ein sjå i kjellaren i Tønsberg bibliotek, som er bygd på tomta der klosteret stod. Ruinen etter den tilhøyrande kyrkja kan ein sjå på den andre sida av gata, med adresse Storgaten 17. og 19.

Kjelder endre

  1. Baglersagaene

Litteratur endre

  • Håkons, Guttorms og Inges saga, omsett av Alexander Bugge. Kristiania 1914
  • Lunde, O., 1971: Premonstratenserklosteret i Tønsberg St. Olavs kyrkje – Norden sin største rundkirke. I: Vestfold-Minne, s. 68-85
  • Johnsen, Oscar Albert: 1929-1934: Tønsbergs historie, s. 206-232. Oslo

Bakgrunnsstoff endre