Ole-Johan Dahls hus
Ole-Johan Dahls hus (prosjektnamn: Ifi2) er informatikkbygget ved Universitetet i Oslo (UiO) som opna i 2011.[1] Bygningen ligg i Gaustadbekkdalen like ved Blindern, og husar Institutt for informatikk og samarbeidspartnarar i området. Han er kalla opp etter Ole-Johan Dahl, UiOs første professor i informatikk.
Byggeprossess
endreBygningen vart bygd av Statsbygg på vegner av Kunnskapsdepartementet for Universitetet i Oslo. Grunnarbeidet starta våren 2006, og oppstart for byggearbeidet var mars 2007. Kostnadsramma for prosjektet var på 1 milliard kroner (prisnivå 2006).
Strukturen til bygget
endreTotalt areal på bygget er ca. 28 250 kvm. Arealet femner parkeringskjellar og studentpub (Escape), vrimleareal, kantine, bibliotek, kaffebar, auditorium i ulike storleikar, undervisningsrom, kollokvierom, lesesalar, terminalstover og kontorplassar. Bygningen har ca. 300 kontorplassar og ca. 2400 studentplassar.
Bygget har gjennomgåande etasjar frå 1 til 4. I sørenden er det 5 etasjar, medan det i norddelen er ei høgblokk på 10 etasjar. Bygningen tek opp Blindernfargane til platået, som er teglrødt og sort. Føre bygget er det etablert eit grøntområde med gong- og sykkelveg.
Bygget er fundamentert på fjell. Det er kompliserte grunnforhold med mykje leire, på grunn av den underjordiske Gaustadbekken.
Tekniske data
endre- Arkitekt: Lund Hagem Arkitektar AS
- Byggherre: Statsbygg
- Brutto areal: 28.250 kvm
- Byggestart: 2/1-2006
- Ferdig bygt: ultimo 2010
- Innflytting: januar 2011
- Ferdig uteareal: medio 2010
Referansar
endre- ↑ «Offisiell åpning av Ole-Johan Dahl hus». UiO Institutt for informatikk. Henta 15. mai 2016.
- Denne artikkelen byggjer på «Ole-Johan_Dahls_hus» frå Wikipedia på bokmål, den 3. jan 2020.
Bakgrunnsstoff
endre- Informasjon om prosjektet ved Wayback Machine (arkivert 2009-07-31)