Opna hovudmenyen

Ole Anderssen Haneborg (3. januar 17987. mai 1884) var ein norsk gardbrukar og forretningsmann frå Aurskog i Akershus. Anders Halvorsen Haneborg var far hans.

Ole Anderssen Haneborg
Fødd 3. januar 1798
Død

7. mai 1884

Yrke forretningsdrivande, politikar

Han var gardbrukar på Neslerud i Sørum frå 1823, der han bygde ei mylne. I 1838 overtok han farsgarden i Aurskog og dreiv denne. Han eigde fleire andre gardar og bruk, samt han var medeigar i jarnverk i Sverige.

Haneborg var ei tid ordførar i Aurskog. Til Stortinget 1836 var han 1. varamann for Akershus amt. Han møtte på omframstortinget 1836-37 frå 28. desember, i staden for Laurentius Borchsenius.

Haneborg flytta tilbake til Neslerud i Sørum på sine eldre dagar, døydde der i 1884.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914