Laurentius Borchsenius

Laurentius Borchsenius (9. mars 177228. september 1844) var ein dansk-norsk embetsmann og stortingsmann.

Laurentius Borchsenius
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. mars 1772
Danmark
Død

28. september 1844 (72 år)
Ullensaker

Yrke politikar, sorenskrivar
Språk norsk

Borchsenius var fødd i Brømme på Sjælland i Danmark. Han vart student i Slagelse i 1789, cand. jur. i 1793. Åra 1792-98 var han tilsett i det danske rentekammeret i København. Han vart fut i Inderøy i Nord-Trøndelag i 1798. Dette embetet hadde han til 1803, då han vart fut i Øvre Romerike. Tolv år seinare vart han sorenskrivar i same Øvre Romerike, ein posisjon han hadde i 28 år, til 1843.

Borchsenius var 3. representant frå Akershus amt på Stortinget 1815-16. Han var då sekretær i Lagtinget, og medlem i ni komitear. Attåt var han medlem av riksretten mot Haxthausen. Også i 1818 var han innvald, men grunna sjukdom møtte han ikkje. Seinare var han 1. representant frå amtet i tre påfylgjande storting; 1827, 1830, 1833. I 1833 var han visepresident i Stortinget og medlem av Lagtinget. Han var og formann i justiskomiteen. På det overordentlege storting 1828 var han medlem av Lagtinget og tre stortingskomitear. På Stortinget i 1830 vart han vald til president, men vart friteken. I staden var han visepresident i Lagtinget og formann i fullmaktskomiteen og i komiteen for gasje- budsjett-, pensjons- og skattevesen. 1833-valet sa han frå seg, noko som vart godteke mot to stemmer. På Stortinget 1836 var han 2. representant frå amtet. Han var då medlem av Lagtinget og han sat i riksretten. Det overordentlege storting 1836-37 var siste tingsamlinga Borchsenius tok del i.

Borchsenius budde i Ullensaker den tida han var sorenskrivar. Han døydde der året etter han gjekk av frå embetet.

Kjelder endre