Ole Christensen Rømer
Ole Olaus Christensen Rømer (25. september 1644–19. september 1710) var ein dansk astronom, fysikar og teknikar.
Ole Rømer | |||
Ole Rømer måla av Jacob Coning kring 1700 | |||
Fødd | 25. september 1644 Århus | ||
---|---|---|---|
Død | 19. september 1710 (65 år) København | ||
Nasjonalitet | Danish | ||
Område | Astronomi | ||
Yrke | astronom, fysikar, matematikar, universitetslærar, dommar, oppfinner, politibetjent | ||
Institusjonar | Københavns Universitet | ||
Alma mater | Københavns Universitet Aarhus Katedralskole | ||
Kjend for | lysfarten | ||
Ektefelle | Anne Marie Bartholin | ||
Medlem | Det franske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet | ||
Signatur |
Rømer reiste i 1671 til Paris der han var i ti år som medlem av Akademiet og astronom ved Paris-observatoriet. Han påviste i 1676 at lyset har ein endeleg snøggleik. I 1676 vart han professor i matematikk i København, ei stilling han starta i 1681, og i 1705 vart han politi- og borgarmeister i byen.
I Paris brukte han den forseinkinga han observerte ved solformørkingane på Jupiter sin månader når dei var på veg bort frå jorda i forhold til når dei var på veg mot jorda, til å rekne ut lysfarten. Observasjonane gjorde han i 1672, og i 1676 rekna han ut lysfarten til å vere 227 000 km/s, eit avvik på om lag 24 % frå det som er korrekt (300 000 km/s).
Rømer gjennomførte mange praktisk-tekniske reformer, mellom anna når det gjeldt måleeiningar, og han introduserte det første nasjonale systemet for vekt og mål, og innførte det nye fotsystemet som vart innført i Danmark-Noreg, eit system han baserte på eit gjennomsnitt av rhinsk fot. Det viste seg derimot at Rømer sine utrekningar av rhinsk fot var feil, slik at foten måtte omdefinerast i 1698. I 1700 fekk Rømer kongen til å innføre den gregorianske kalenderen i Danmark-Noreg.
Rømer utvikla i 1701 ein av dei første temperaturskalaene, Rømerskalaen. Fahrenheit vitja han i 1708 og utbetra skalaen og resultatet vart Fahrenheit-skalaen som framleis er i bruk i somme land i dag.
Som borgarmeister innførte Rømer gatelamper (oljelamper) i København og arbeidde hardt for å kontrollere tiggarar, fattige, arbeidsløyse og prostituerte i København.
Han fann opp meridiansirkelen. Dei verdifulle handskrivne meridianobservasjonane hans gjekk tapt i ein bybrann i København i 1728, og berre observasjonane hans frå 21.–23. september 1706, kalla Tredagers arbeide (eller Triduum), er bevart.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Ole Christensen Rømer», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014