Ole Grændsen

Ole Eriksson Grændsen (4. mai 18422. mars 1922) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Holt i Aust-Agder.

Ole Grændsen
Fødd 4. mai 1842
Død

2. mars 1922 (79 år)

Yrke politikar

Grændsen var son til ein gardbrukar. Tida 1862-73 var han arbeidsformann på eit sagbruk i Dybvåg. Sidan var han gardbrukar på farsgarden i Holt. Frå 1882 var han i tillegg medeigar i ei trelastforretning. Grændsen var medlem av heradsstyret frå 1876 til 1907, ordførar i mange år frå 1888. Forlikskommissær frå 1893 og sparebankdirektør.

Grændsen representerte Nedenes amtStortinget 1889-97 og 1903-06. I alle år var han medlem av konstitusjonskomiteen, elles medlem av Lagtinget 1896-97 og 1903-06, samt valkomiteen 1903-06.

Han døydde på slektsgarden i Holt i 1922.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914