Ole Hansson Skogshavn

Ole Petter Hansson Skogshavn (178919. mars 1859) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Dyrøy i Troms.

Ole Hansson Skogshavn
Fødd 1789
Dyrøy
Død

19. mars 1859 (69 år)
Dyrøy

Yrke bonde, politikar

Skogshavn var son av ein gardbrukar og fiskar. Han tok i si tid over farsgarden Skogshavn og dreiv denne. Han kom i 1838 med i det fyrste heradsstyret i Dyrøy, der han var medlem til 1848. I tillegg var han med i forlikskommisjonen og fleire gongar valmann.

Skogshavn representerte Finmarkens amt, ein felles krins for Troms og Finnmark, på Stortinget 1836-39. Både i 1836 og på omframstortinget 1836-37 var han medlem av næringskomiteen, i 1839 var med i næringskomite nr 2.

Han døydde på garden sin i Dyrøy i 1859.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914