Dyrøy kommune
Dyrøy kommune (nordsamisk Divrráid suohkan) ligg i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. Kommunen femner Dyrøya og ein del av fastlandet austom øya. Kommunen grensar til Sørreisa i nordaust, og Salangen i sør. Over Tranøyfjorden og Solbergfjorden i nordaust ligg Senja. Dei viktigaste næringsvegane har vore jordbruk og fiske, men begge delar har vore i tilbakegang dei siste åra. Folketalet har vore minkande i fleire tiår.
Dyrøy kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Adm.senter | Brøstadbotn | ||
Areal | 289 km² | ||
- land | 277 km² | ||
- vatn | 12 km² | ||
Folketal | 1 056 (1. januar 2023) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Marit Alvig Espenes (Ap) | ||
Kommunenr. | 5420 | ||
![]() Dyrøy | |||
Wikimedia Commons: Dyrøy | |||
Nettstad: www.dyroy.kommune.no | |||
Det har vore brusamband frå Dyrøya til fastlandet sidan 1994 då Dyrøybrua vart opna. Av større stader på fastlandet er Brøstadbotn, Espenes og Kastnes.
Grunnkrinsar Endra
Dyrøy kommune har berre eitt delområde. Det er delt inn i åtte grunnkrinsar (folketal 2008):
På fastlandet:
- Moen (241)
- Brøstad (505)
- Bjørkebakk (139)
- Hundstrand (90)
- Kastnes (70)
På Dyrøya:
- Dyrøyhamn (59)
- Merkesnes (79)
- Espejord (44)
Utan oppgjeve bustad (5)
Historie Endra
Dyrøy kommune vart oppretta 1. september 1886, då han vart skild ut frå Tranøy kommune. Kommunen hadde då 1281 innbyggjarar. 1. januar 1964 vart den delen av Tranøy kommune som låg på fastlandet, overført til Dyrøy kommune. Etter dette hadde kommunen 2278 innbyggjarar.[1]
Utvikling i folketalet dei seinare åra Endra
2019 | |||
---|---|---|---|
1097 |
Folk frå Dyrøy Endra
- Aase Texmon Rygh (1925—2019), kunstnar, bilethoggar