Ole Johan Grønskag
Ole Johan Grønskag (2. juli 1972–7. mai 2004) vart fødd i Kalvåg i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Han var utdanna møbeldesignar og interiørarkitekt frå kunsthandverksskulen i Bergen, men han hadde aldri ei yrkeskarriere bygd på denne utdanninga.
Ole Johan Grønskag | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. juli 1972 Bremanger kommune |
Død |
7. mai 2004 (31 år) |
Yrke | interiørarkitekt, skribent |
I 2003 debuterte han som dramatikar med boka (Filantropicana) : ei berøring av forsvinningspunkt. Stykket hadde urpremiere på Sogn og Fjordane teater same året.
Bibliografi
endre- 2003 – (Filantropicana) : ei berøring av forsvinningspunkt (Leikanger: Skald). ISBN 82-7959-038-2 I fulltekst ved nb.no
- 2004 – Siste dagar sett : av Ole Johan Grønskag; Meir : av Maria Tryti Vennerød (Førde: Sogn og Fjordane teater) I fulltekst ved nb.no [Medforfattar: Sogn og Fjordane teater]
Kjelder
endre- Ottar Starheim (2009). Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Førde: NRK.[daud lenkje]