Ole Larsson Hammerstad
Ole Larssen Hammerstad (29. januar 1817–8. august 1873) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Østre Toten i Oppland. Han var far til Hans Olsson Hammerstad. Peder Paulsen Balke var farbror hans.
Ole Larsson Hammerstad | |||
Fødd | 29. januar 1817 Østre Toten kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 8. august 1873 (56 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Barn | Hans Laurits Olsen Hammerstad | ||
Alle verv |
|
Far til Hammerstad var gardbrukar på Østre Toten. Sjølv fekk han etter han var konfirmert privatundervisning hos ein kapellan i mellom anna tysk og fransk, engelsk lærte han seg sjølv. I 1839 vart han gardbrukar på Nordli i Sørum, to år seinare overtok han slektsgarden Hammerstad, der mor hans var i frå. Hammerstad var medlem av heradsstyret i Østre Toten 1848-71, ordførar i 1849, 18568-61 og 1870-71.
Hammerstad representerte Kristians amt på Stortinget 1857-60 og 1865-69. Han var 1857 medlem av gasje- og pensjonskomiteen, 1859-60, 1865-66 og 1868-69 av både militærkomiteen og valkomiteen, samt 1865-66 av traktatkomiteen og 1869 av røysterettskomiteen. Han var medlem av kommisjonar om høvesvis skysslova 1858, skattestellet 1860, og vernepliktslova 1864.
Hammerstad døydde på garden sin i Østre Toten i 1873.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914