Ole Nielsen Weierholt

Ole Nielsen Weierholt (17181792) er først og fremst kjend som modellskjerar for jernverka i Aust-Agder, særleg Næs jernverk, men òg Froland verk. Han skar modellar i tre til støyping av jernomnar i rokokkostil, og blir ofte kalla Sørlandets rokokkomeister.

Ole Nielsen Weierholt
Fødd 1718
Død

14. desember 1792

Yrke treskjerar
Ein ovnsmodell frå Wigelands Wærk, skåret av Ole Nilsen Weierholt i 1792
Foto: Stylegar

Ole Nielsen var fødd på Sagene i Austre Moland, i dag ein del av Arendal kommune. Han arbeidde som tømrar og snikkar, og stod for ei rekke byggjeoppdrag på kyrkjene i distriktet på midten av 1700-talet, m.a. Austre Moland kyrkje og Tromøy kyrkje.

Han skar ei rekke omnsmodellar for Næs; mest kjend er Kammerherren frå Morland, som er ein kopi etter ein eldre modell. Motivet er henta frå Apostelgjerningane, og er mellom anna nytta av Rembrandt i eit måleri.

Ole Nielsen skar òg omnsmodellar for Froland verk og for jernverk i Nedre Telemark.

BakgrunnsstoffEndra

KjeldeEndra