Ole Schavland

prest og stortingsmann

Ole Schavland (22. desember 17596. august 1839) var ein norsk prest og stortingsmann frå Sparbu i Nord-Trøndelag. Han var far til Aage Schavland.

Ole Schavland
Fødd 22. desember 1759
Sparbu
Død

6. august 1839 (79 år)
Stavanger kommune

Yrke prest, politikar

Schavland vart cand. theol. i 1782. Han vart i 1786 personalkapellan i Mandal og Holum. Deretter var han residerande kapellan i Strand i Ryfylke frå 1789 til 1836, heile 47 år.

Schavland møtte på omframstortinget i 1822 i staden for Hans Nansen, ettersom han var 1. varamann for Stavanger amt. Til Stortinget 1827 og omframstortinget 1828 var han 2. representant frå amtet. I 1827 var han medlem av justiskomiteen, i 1828 av komiteen om bidrag til ministerkassa.

Han døydde i Stavanger i 1839.

KjelderEndra